Jürgen Hingsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jürgen Hingsen

Jürgen Hingsen (fødd 25. januar 1958) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Duisburg. Han forbetra verdsrekorden i tikamp tre gongar og vann fire sølvmedaljar i dei store internasjonale meisterskapane i tida 1982-86.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hingsen var ein av verdas beste tikjemparar i tiåret 1979-88. Ved den vesttyske meisterskapen i Ulm midt i august 1982 sette han verdsrekord med 8 723 poeng. Under europameisterskapen i Aten nokre veker seinare vart han nummer to etter briten Daley Thompson, som samstundes tok over verdsrekorden med sine 8 743 poeng. Den 6. juni 1983 oppnådde Hingsen 8 777 poeng og var tilbake som verdsrekordhaldar. To månader etter var det tid for reprise på fjoråret, ved verdsmeisterskapen i Helsinki måtte han sjå seg slått av Thompson.

I ei tevling i Mannheim 8.-9. juni 1984 forbetra Hingsen verdsrekorden til 8 798 poeng. Under dei olympiske leikane i Los Angeles i august måtte han på ny nøye seg med sølvmedalje, atter ein gong vann Thompson og som i EM 1982 tok briten over som verdsrekordhaldar. Ved Friidretts-EM 1986 på tysk heimegrunn måtte Hingsen for fjerde meisterskap i rad sjå seg overgått av Thompson, med enno ei sølvmedalje i premiesamlinga.

Hingsens prestasjonar i Mannheim frå 1984 er i 2019 framleis tysk rekord i tikamp, etter nye tabellar utrekna til 8 832 poeng.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]