Jürgen Pommerenke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jürgen Pommerenke

Jürgen Pommerenke (fødd 22. januar 1953) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Wegeleben i Sachsen-Anhalt som vann cupvinnarcupen 1974 med FC Magdeburg. Midtbanespelaren vann olympisk bronsemedalje i 1972 for Aust-Tyskland.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Pommerenke spelte i alle år FC Magdeburg. Han debuterte for klubben i 1970 og la opp i 1985. Perioden 1972-75 bidrog han mykje til at Magdeburg vann tre av fire austtyske ligatitlar. Høgdepunktet for Pommerenke kom då Magdeburg i 1974 vann cupvinnarcupfinalen i Rotterdam, der laget sigra 2-0 over italienske AC Milan. Elles sanka han fem nasjonale cuppokalar, den fyrste i 1973 og den siste ti år seinare. I 1975 vart han kåra til årets spelar i Aust-Tyskland.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Pommerenke deltok i 57 landskampar for det austtyske landslaget i tida 1972-83. Under dei olympiske sommarleikane 1972 i München var han på plass då Aust-Tyskland og Sovjetunionen spelte 2-2 i bronsefinalen, og begge laga vart tildelt bronse. To år seinare spelte han tre av kampane då Aust-Tyskland var med i Fotball-VM 1974 i Vest-Tyskland. Pommerenke skåra 3 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1974 med FC Magdeburg
  • Austtysk ligameister: 1972, 1974, 1975 med FC Magdeburg
  • Austtysk cupmeister: 1973, 1978, 1979, 1983 med FC Magdeburg
  • Olympisk bronse: 1972 for Aust-Tyskland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]