Jüri Tarmak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jüri Tarmak, russisk Юри Аадувич Тармак
Jüri Tarmak c1972.jpg
Fødd 21. juli 1946
Tallinn
Yrke friidrettsutøvar
Jüri Tarmak på Commons

Jüri Tarmak (fødd 21. juli 1946) er ein estisk tidlegare høgdehoppar som tevla for Sovjetunionen. Han vart olympisk meister i øvinga i 1972.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tarmak kom med på det sovjetiske landslaget i 1970, ein sesong der han sette personleg rekord med 2,15 m og var den fjerde beste høgdehopparen i landet. Året etter forbetra han seg til 2,17 m.

Gjennom 1972-sesongen presterte Tarmak fleire tevlingar på høgste nivå. Ved innandørs-EM i Grenoble gjekk han over 2,22 m og vart nummer tre, på same høgda som kameraten Kęstutis Šapka, ungararen István Major vann med 2,24 m. Under sovjetmeisterskapen sette Tarmak personleg rekord med 2,25 m i kvalifiseringa, men vart berre nummer fem i finalen med 2,18 m.

Tarmak vart leikevel teken ut til OL 1972 i München. På avslutningsdagen for leikane var han ein av dei tre deltakarane som klarde å ta seg over 2,21 m. Han leia tevlinga då dei tre tok til på 2,23 m, og Tarmak berre sikra OL-gullet då han var den einaste som svinga seg over denne høgda. Sidan var Tarmak aldri i nærleiken av dei resultata han oppnådde i 1972-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]