J.M. Stenersens Forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tre av de første utgåvene av Snorres kongesoger på moderne norsk vart utgjevne av J. M. Stenersens forlag & Co. Biletet viser tittelsidene i utgåvene på landsmål og riksmål frå 1900 og praktutgåva frå 1899.
Foto: K.A. Gallis
)

J.M. Stenersens Forlag AS er eit norsk forlag, etablert i 1892 av Johan Martin Stenersen. Forlaget har tidlegare hatt namna J.M. Stenersen & Co.s Forlag og G. Stenersens Forlag.

Blant kjende utgjevingar frå forlaget er Snorre (1899), ei praktutgåve av Snorres kongesoger med illustrasjonar av Halfdan Egedius, Christian Krohg, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen, Erik Werenskiold og Wilhelm Wetlesen. Året etter gav dei ut boka Svartedauen med tekst og illustrasjonar av Theodor Kittelsen.

Forlaget gjekk inn i eit samarbeid med Nasjonal Samling under Den andre verdskrigen med eit spesielt ansvar for å utgi tyske bøker omsett til norsk. Forlaget endra under krigen namn til G. Stenersens Forlag, etter Gunnar Stenersen, son av Johan Martin Stenersen, og gav ut nazistisk propagandalitteratur, som i 1943 blei overteke av det nyetablerte Centralforlaget. I denne perioden var desse to, samt Blix forlag, Atlantic forlag, Viking forlag og Kamban forlag, kalla «NS-forlaga».

I nyare tid har forlaget mellom anna satsa på utgjeving av kunstbøker, mellom anna om Edvard Munch.

I 2003 kjøpte Kagge Forlag selskapet frå familien Stenersen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]