J.D. Souther

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå J. D. Souther)
Hopp til navigering Hopp til søk
J.D. Souther
JD Souther.JPG
Fødd2. november 1945 (73 år)
FødestadDetroit i USA
FødenamnJohn David Souther
OpphavUSA
Aktiv1970-åra til i dag
SjangerRock, country
Tilknytte artistarEagles, Jackson Browne, Longbranch Pennywhistle, James Taylor, Danny Kortchmar, Linda Ronstadt, Souther-Hillman-Furay Band, Joe Walsh
PlateselskapElektra
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, skodespelar

John David Souther (fødd 2. november 1945), som regel forkorta til J.D. Souther, er ein USA-amerikansk musikar, songar-låtskrivar og skodespelar. Han har skrive og vore medlåtskrivar på mange hitsongar av artistar som Linda Ronstadt og Eagles.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Souther var fødd i Detroit, men voks opp i Amarillo i Texas. Som musikar og låtskrivar var han kraftig inspirert i tidlege år av rock and roll-ikonet Roy Orbison, som òg kom frå Texas. Etter at han flytta til Los Angeles seint i 1960-åra, møtte han musikar og låtskrivar Glenn Frey frå Detroit og dei to vart romkameratar og spelte musikk i lag. I etasjen under budde Jackson Browne som både Southern og Frey skulle samarbeide mykje med.

Kort tid etter dei trefte kvarandre, danna Souther og Frey viseduoen Longbranch Pennywhistle. Det einaste albumet deira kom ut i 1970 på Jimmy Bowen sitt Amos Records, med bidrag frå gitaristane James Burton og Ry Cooder, felespelaren Doug Kershaw, trommeslagar Jim Gordon, pianisten Larry Knechtel og bassist Joe Osborn.

Etter å ha spelt inn det første soloalbumet sitt i 1972 vart han overtalt av David Geffen, til å slå seg saman med Chris Hillman og Richie Furay for å danne Souther Hillman Furay Band. Gruppa gav ut to album, men kreative skilnader og dårleg platesal (for å ikkje snakke om at Furay mislikte å spele verdsleg musikk etter at han sett lyset) førte til at bandet vart oppløyst.

Souther er kanskje mest kjend som låtskrivar, særleg innan countryrock. Han var medlåtskrivar på nokre av dei største hittane til Eagles, som «Best of My Love», «Victim of Love», «Heartache Tonight» og «New Kid in Town». «How Long», som vart spelt inn av Eagles på Long Road Out of Eden, vart skriven av Souther og opphavleg gjeve ut på det første soloalbumet hans i 1972.

Han skreiv «Run Like a Thief» på Home Plate av Bonnie Raitt i 1975.

Souther var ei kort stund kjæraste med Linda Ronstadt, og var medprodusent på albumet hennar Don't Cry Now, og skreiv songar for fleire av dei mestseljande platene hennar, som «Faithless Love» frå Heart Like a Wheel og «White Rhythm and Blues» på Living in the USA. Souther spelte òg inn fleire duettar med Ronstadt, som «Hasten Down the Wind,» «Prisoner in Disguise», «Sometimes You Can't Win» og «Hearts Against the Wind» som var med i filmen Urban Cowboy frå 1980.

Souther song òg på songar skrivne av andre artistar, som korvokal med Don Henley på «The Light Is On» for Christopher Crossdebutalbumet hans; på songane «False Faces» og «Loose Ends» på Dan Fogelberg-albumet Nether Lands frå 1976 og med Fogelberg på «The Hot Damn Brothers» på Fogelberg-albumet Captured Angel.

Han fekk den største hitten i karrieren sin i 1979 med songen «You're Only Lonely», frå albumet med same namn, som nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100 og toppen av Billboard's Adult Contemporary-lista i fem veker. Eit samarbeid med den gamle venen James Taylor kalla «Her Town Too» (frå Taylor-albumet Dad Loves His Work) som nådde 11. plassen på Hot 100 og topp fem på AC-radio i 1981.

I 1987 spelte han med og lagde vokalarrangement for Roy Orbison and Friends, A Black and White Night og song The Platters sin «Smoke Gets In Your Eyes» i Steven Spielberg-filmen Always frå 1989 og skreiv kjenningsmelodien til situasjonskomedien Anything But Love som gjekk 1989-1992.

Han skreiv songen «Wishing On Another Lucky Star», for filmen Permanent Record. Souther var medlåtskriver på «Doin' Time For Bein' Young», sungen av James Intveld for filmen Cry-Baby i 1990 med Johnny Depp.

Den 14. oktober 2008 gav Souther ut If the World Was You, det første nye albumet hans på 25 år. Hausten 2009 gav han ut konsertalbumet Rain - Live at the Belcourt Theatre. Den 31. mai 2011 gav Souther ut Natural History, med nye versjonar av mange av hitsongane han skreiv for andre artistar. I oktober 2012 gav han ut Midnight in Tokyo, ein EP med konsertopptak.

Den 14. juni 2013 vart Souther innlemma i Songwriters Hall of Fame i New York City.

Skodespelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Som skodespelar har Souther spelt fleire roller, mellom anna figuren John Dunaway i (1989–1990) tredje sesongen av TV-dramaet Thirtysomething og Ted i filmen Postcards from the Edge (1990).

Han spelte Jesse James i fjernsynsfilmen Purgatory i 1999. Han var òg Jeffrey Pommeroy i My Girl 2. Souther spelte i spenningsfilmen Deadline i 2012. Han spelte i fleire episodar som countrysongaren og produsenten Watty White i Callie Khouri-dramaserien Nashville.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Souther har vore gift to gonger, og vore kjærast med Linda Ronstadt og Stevie Nicks i 1970-åra og er i dag singel. Judee Sill-songen «Jesus Was a Crossmaker» vart skriven for Souther, som ho sa gav ho hjartesorg etter eit kort forhold.[1] I desember 2002 flytta Souther frå Hollywood Hills i California til Nashville.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Album Listeplassering Selskap
US CAN
1972 John David Souther 206 Elektra
1976 Black Rose 85
1979 You're Only Lonely 41 68 Columbia
1984 Home by Dawn 203 Warner Bros.
2008 If the World Was You Slow Curve
2011 Natural History Entertainment One Music
2012 Midnight in Tokyo Entertainment One Music
2015 Tenderness Sony Masterworks
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Listeplassering Album
US AC US
[2]
US Country CAN AC CAN CAN Country
1979 «You're Only Lonely» 1 7 60 2 18 12 You're Only Lonely
1980 «White Rhythm and Blues» 46 105
1984 «Go Ahead and Rain» 104 Home by Dawn
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Gjestesinglar[endre | endre wikiteksten]

År singel Artist Listeplassering Album
US AC US US Country CAN AC CAN
1981 «Her Town Too» James Taylor 5 11 5 19 Dad Loves His Work
1982 «Sometimes You Just Can't Win» Linda Ronstadt 27 Get Closer
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Quietus - News - LISTEN: Judee Sill Radio 4 Documentary». The Quietus. Henta 21. januar 2015. 
  2. Whitburn, Joel (2011). Top Pop Singles 1955–2010. Record Research, Inc. s. 837. ISBN 0-89820-188-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]