J.J. Cale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå J. J. Cale)
J.J. Cale

Cale i 2007
Fødd5. desember 1938(1938-12-05)
FødestadOklahoma City i USA
Død26. juli 2013 (74 år)
DødsstadLa Jolla i California i USA
FødenamnJohn Weldon Cale
AliasJ.J. Cale, J. J. Cale, JJ Cale
OpphavUSA
Aktiv1958–2013
SjangerAmericana, cajun, blues, swamprock, countryrock, red dirt, Tulsa Sound
InstrumentGitar, vokal, piano, klaverinstrument, bass, trommer
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarLeathercoated Minds, Eric Clapton, Leon Russell
PlateselskapShelter, Mercury, Polygram, Virgin, Rounder, Silvertone
Verka somMusikar, låtskrivar
Gift medChristine Lakeland
PrisarOklahoma Music Hall of Fame

John Weldon «J.J.» Cale[1] (5. desember 193826. juli 2013) var ein USA-amerikansk gitarist, songar og låtskrivar. Sjølv om han prøvde å halde ein låg profil[2] inspirerte han mange musikarar som Neil Young og Eric Clapton, som skildra han som «ein av dei viktigaste artistane i rockehistoria».[3] Han vert rekna som ein del av opphavet til Tulsa Sound, ein laus sjanger basert på blues, rockabilly, country og jazz.

Cale skreiv mange songar som vart spelt inn av andre artistar, som «After Midnight» og «Cocaine» av Eric Clapton; «Call Me the Breeze» av Lynyrd Skynyrd, John Mayer, Johnny Cash og Bobby Bare; «Clyde» av Waylon Jennings og Dr. Hook; «I Got The Same Old Blues» av Captain Beefheart, Lynyrd Skynyrd, Freddie King og Bryan Ferry og «Magnolia» av Poco, Beck, Lucinda Williams, Iron & Wine, José Feliciano, Ben Bridwell, John Mayer med Eric Clapton og Sadie Johnson.

I 2008 fekk Cale ein Grammypris i lag med Clapton for albumet deira The Road to Escondido.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

John Cale var fødd 5. desember 1938 i Oklahoma City.[1] Han voks opp i Tulsa i Oklahoma, og tok eksamen ved Tulsa Central High School i 1956. I tillegg til å lære seg å spele gitar, byrja han å studere prinsippa ved lydteknikk medan han framleis budde heime hos foreldra i Tulsa, der han bygde seg sjølv eit innspelingsstudio.[4] Etter skulen vart han trekt ut til militærteneste og studerte ved Air Force Air Training Command i Rantoul i Illinois. Cale hugsa «eg ønskte ikkje eigentleg å bere våpen og gjere alle dei reiene der, så eg gjekk inn i Luftvåpenet der eg dreiv teknisk trening og lærte meg ein del om elektronikk.»[5] Cale kjennskap til miksing og lydinnspeling kom til å spele ei viktig rolle i å skape ein særeigen stil på studioalbuma hans.[6]

Cale på scenen i München i Tyskland i 1975.

I lag med fleire andre unge musikarar frå Tulsa, flytta Cale til Los Angeles tidleg i 1960-åra, der han skaffa seg jobb som lydteknikar.[7] I 1966, medan han budde i Los Angeles, spelte han inn ein demo-singel for Liberty Records av songen «After Midnight». Han sendte kopiar av singelen til vener frå Tusla som budde i Los Angeles, og fleire av dei hadde klart å skaffe seg jobb som studiomusikarar. Sjølv om han klarte å skaffe seg ein fast spelejobb på Whisky a Go Go (der Elmer Valentine føreslo at han skulle kalle seg sjølv J.J. Cale for å ikkje bli forveksla med John Cale frå Velvet Underground)[8][9]), fann han lite suksess som plateartist og klarte heller ikkje å tene nok pengar som lydteknikar. Han selde derfor gitaren og reiste heim att til Tulsa, der han vart med i eit band med Tulsa-musikaren Don White.

I 1970 fekk han vite at Eric Clapton hadde spelt inn ein versjon av «After Midnight» på debutalbumet sitt i 1970. Som følgje av dette vart det føreslått for Cale at han burde utnnytte denne publisiteten og spele inn sitt eige album. Det første albumet hans, Naturally, etablerte stilen hans, som av Los Angeles Times-skribenten Richard Cromelin vart skildra som «ein unik hybrid av blues, folk og jazz, markert av ein tilbakelent groove og den flytande gitaren og lakoniske røysta til Cale. Han brukte tidleg trommemaskinar og dei ukonvensjonelle miksane hans skapte ein særeigen og tidlaus kvalitet i arbeidet hans som skilde han frå resten av Americana-puristane.»[10]

I biografien sin Shakey frå 2003 skreiv Neil Young, «Av alle musikarane eg nokon gong har høyrd, så må det vere [Jimi] Hendrix og J.J. Cale som er dei beste gitaristane.»[11] I dokumentarfilmen To Tulsa and Back: On Tour with J.J. Cale frå 2005, vart gitarstilen til Cale skildra av Eric Clapton som «skikkeleg, skikkeleg minimal» og la til at «det handlar berre om finesse».

Den største amerikanske hitsingelen hans, «Crazy Mama», nådde 22. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i 1972. I dokumentarfilmen To Tulsa and Back fortalte Cale at han fekk tilbodet om å spele på Dick Clark sitt American Bandstand for å marknadsføre songen, noko som kunne ha flytta han høgare på listene. Cale avslo då han ikkje fekk spele med sitt eige band og måtte mime til teksten.[12]

Cale flytta til California att i 1980 og vart einebuar, buande i ei campingvogn utan telefon. Albumet hans #8 frå 1983 vart dårleg motteke og han bad om å bli frigjeve frå kontrakten sin med PolyGram. Då han seinare vart spurt om kva han hadde gjort i 1980-åra sa han: «Klypt plenen og lytta til Van Halen og rap.»[13]

Cale fungerte ofte som sin eigen produsent, lydteknikar og studiomusikar. Vokalen hans, som stundom nesten er kviskrande, var ofte langt bak i lydbiletet. Han forklarte at den unike stilen hans kom av kunnskapen hans som lydteknikar og miksar og sa «På grunn av all teknologien no så kan du lage musikken din sjølv, og mange folk gjer det no. Eg byrja med dette for lenge sidan og skapte min eigen unike stil.»[14]

Cale døydde 74 år gammal i La Jolla i California den 26. juli 2013, etter å ha blitt råka av eit hjarteinfarkt. Han etterlet seg kona Christine Lakeland.[15][16][17][18]

Den 10. august 2018 vart det annonsert på nettsida hans at det skulle kome eit posthumt album med songar som ikkje var gjevne ut før seinare på året.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelde:[19]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1958 «Shock Hop»/«Sneaky» (som Johnny Cale)
  • 1960 «Troubles, Troubles»/«Purple Onion» (som Johnny Cale Quintet
  • 1961 «Ain't That Lovin You Baby»/«She's My Desire» (som Johnny Cale Quintet)
  • 1965 «It's A Go Go Place»/«Dick Tracy», Liberty 55840
  • 1966 «In Our Time»/«Outside Looking In», Liberty 55881
  • 1966 «After Midnight»/«Slow Motion», Liberty 55931
  • 1971 «Crazy Mama», Shelter 7314 (frå albumet Naturally, nådde 22. plassen på en amerikanske singellista den 8. april 1972, og 21. plassen i Canadan den 15. april)
  • 1972 «After Midnight», Shelter 7321 (nådde 42. plassen på den amerikanske singellista i juli 1972)
  • 1972 «Lies»/«Riding Home», Shelter 7326 (frå albumet «Really», nådde 42. plassen på den amerikanske singellista i desember 1972)
  • 1976 «Hey Baby»/«Cocaine», Shelter (released 1976. desember peaking at #96 in the US singles chart)
  • 1979 «Katy Kool Lady»/«Juarez Blues», Shelter WIP 6521

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2001 Live

Samarbeidsalbum[endre | endre wikiteksten]

Albums med andre artistar[endre | endre wikiteksten]

  • 1966: A Trip Down The Sunset Strip (som ein del av Leathercoated Minds)
  • 1973: Back in '72 - Bob Seger - Cale spelar gitar på songen «Midnight Rider»
  • 1973: «Hank Wilson's back» - Leon Russell - Cale spelar gitar på dei fleste songane
  • 1990: «The Rhythm of the Saints» - Paul Simon - Cale spelar gitar
  • 2006: «Uncovered» - Tony Joe White - Cale var medlåtskrivar, song og spelte gitar på songen «Louvelda»
  • 2010: Clapton - Eric Clapton - Cale syng og spelar gitar på songane «River Runs Deep» og «Everything Will Be Alright»
  • 2013: Old Sock – Eric Clapton – Cale spelar gitar og syng på songen «Angel»

Samleplate[endre | endre wikiteksten]

  • 1984 Special Edition (ei samling av hittar frå tidlegare album)
  • 1997 Anyway the Wind Blows: The Anthology
  • 1998 The Very Best of J.J. Cale
  • 2000 Universal Masters Collection
  • 2003 After Midnight (tysk utgjeving)
  • 2006 The Definitive Collection
  • 2006 Collected (med bonusspor, berre nederlandsk)
  • 2011 The Silvertone Years

Videoar[endre | endre wikiteksten]

  • 1979 In Session At The Paradise Studios - Los Angeles, J.J.Cale med Leon Russell
  • 2004 Eric Clapton's Crossroads Festival Cale med band frå den amerikanske turneen sin i 2004 spelte eit sett med Clapton.
  • 2005 on tour with J J Cale - to Tulsa and back - dokumentarfilm frå 2005 filma under ein turné i 2004 med Cale, Christine Lakeland, Jimmy Karstein, Bill Raffensperger, Rocky Frisco

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Bio». JJ Cale official website. Arkivert frå originalen 15. juni 2011. Henta 15. september 2018. 
  2. «I was always a background person...it took me a while to adjust to the fact that people were looking at me...'cause I always just wanted to be part of the show, I didn't want to be the show.» To Tulsa and Back: On Tour with J.J. Cale (2005)
  3. Martin Chilton (25. juli 2014). «Eric Clapton: JJ Cale got me through my darkest days». The Telegraph. Henta 15. september 2018. 
  4. To Tulsa and Back: On Tour with J.J. Cale, 2005
  5. Ibid
  6. Long time collaborator drummer Jim Karstein remarked, 'You'll cut tracks with him and you'll listen to it and you'll think, «Well, I don't know about that one» and then he'll take the tapes away and he puts his secret sauce on 'em, you know, that nobody but he knows what it is that he does in the dark of night and then he'll come back out and you'll go «Wow!». Ibid
  7. Hoekstra, Dave (15. april 1990). «Songwriter J.J. Cale prefers to remain in the background». Chicago Sun-Times. Arkivert frå originalen 3. juni 2013. Henta 15. september 2018. 
  8. To Tulsa and Back: On Tour with J.J. Cale, 2005
  9. Rocky Frisco tells the same version of the story mentioning the other John Cale but without further detail.«JJ Cale Dead of Heart Attack». whereseric.com. 28. juli 2013. Henta 15. september 2018. «Obituary: JJ Cale was music's towering figure» 
  10. Cromelin, Richard (24. februar 2009). «J.J. Cale rolls on». Los Angeles Times. 
  11. McDonough, Jimmy (2013). Shakey: Neil Young's Biography. ISBN 9781446414545. 
  12. «J.J. Cale Biograph». Sing 365.com. Arkivert frå originalen 18. januar 2013. Henta 15. september 2018. 
  13. «JJ Cale». Telegraph. 28. juli 2013. Henta 15. september 2018. 
  14. «Obituary: JJ Cale was music's towering figure». gulfnews.com. 28. juli 2013. Henta 15. september 2018. 
  15. Gripper, Ann (27. juli 2013). «JJ Cale dead at 74: Tributes paid to singer låtskrivar after his death from a heart attack». Daily Mirror. Henta 15. september 2018. 
  16. «JJ Cale passed away at 8:00 pm on Friday July 26 at Scripps Hospital in La Jolla, CA.». JJ Cale official website. Henta 15. september 2018. 
  17. Castillo, Mariano (27. juli 2013). «Writer of hits JJ Cale dead at 74». CNN.com. Henta 15. september 2018. 
  18. «Cale's agent confirms his death». The Rosebud Agency. 
  19. «Music». JJ Cale official website. Arkivert frå originalen 31. desember 2014. Henta 15. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: J.J. Cale