J2000.0

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

J2000.0 er ei epoke som nyttast innan astronomien. Desimalen 0 tyder at det visast til byrjinga av året.

Den er den eksakte julianske dagen 2451545.0 TT, eller 12.00 den 1. januar 2000. Dette tilsvarar 1. januar 2000 11.58.55,816 UTC.

Etter som stjernenes rektasensjon og deklinasjon endrast konstant grunna jordaksas presesjon (og for nærliggande stjerner òg eigenrørsla) spesifiserer astronomar alltid ein posisjonsfastsetting med ei spesifikk epoke. Den tidlegare epoka i allmenn bruk var B1950.0-epoka.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]