Ja nautsju tebja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Ja nautsju tebja» (russisk Я научу тебя; norsk omsetjing 'eg skal lære deg'), på engelsk titulert som «Ya nauchu tebya (I'll Teach You)» er ein song frå 2021 framført av den kviterussiske gruppa Galasy ZMesta. Songen var det kviterussiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1][2] Valet av bidrag og deltakar møtte stor motstand frå utanlandske fans, presse og kritikarar av det kviterussiske regimet, og EBU kravde at songen måtte modifiserast eller byttast ut for å vera i tråd med reglane for Eurovision Song Contest.[3]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

I desember 2020 inviterte den kviterussiske kringkastaren BTRK låtskrivarar og musikarar til å sende inn bidrag til Eurovision Song Contest 2021. I løpet av januar 2021 kom det inn rundt 50 bidrag, og kringskastaren valde det russisk-språklege bidraget «Ja nautsju tebja» med den forholdsvis ukjende femmannsgruppa Galasy ZMesta. Bidraget vart kunngjort 9. mars 2021.[1][2]

Songen vart offentleggjort som det kviterussiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 og skulle ha delteke i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy tysdag 18. mai 2021.[2] EBU kravde at låten måtte byttast ut eller endrast, om ikkje ville Kviterussland verta diskvalifisert frå tevlinga.[3]

Kritikk rundt bidraget[endre | endre wikiteksten]

Valet av det kviterussiske bidraget har vorte kritisert av Eurovision-pressa, som meiner BTRK bevisst har vald ein regime-vennleg deltakar som «dansar etter pipa» til styresmaktene.[4] Etter presidentvalet i 2020 har det vore vedvarande protestar og demonstrasjonar mot den sitjande presidenten i landet, Aleksandr Lukasjenko. Valresultatet og gjennomføringa av valet har vorte kraftig kritisert av opposisjon og internasjonale organisasjonar, og motstanden mot Lukasjenko auka kraftig i vekene etter valet. Trass den massive motstanden, har Lukasjenko nekta å gje frå seg makta eller skrive ut nyval.

Delar av Eurovision-pressa har hevda at det kviterussiske bidraget vart vald for å støtte Lukasjenko. Gruppa Galasy ZMesta har offentleg kritisert demonstrasjonane og gjeve sin støtte til presidenten.[5] Nettstaden eurovoix.com kritiserte teksta til bidraget og omtala han som «ei sterk støtte for ein regjeringsagenda som kneblar innbyggjarane sine og fengslar journalistane sine for å snakke ut om sakar rundt grunnleggjande menneskerettar».[4] Nettstaden kunngjorde samstundes at dei ikkje kom til å rapportera noko meir rundt deltakinga til Kviterussland og oppfordra andre nettstadar til å gjera det same.

Parallelt med dette har fleire menneskerettsgrupper, fans og politiske styresmakter kravd at Kviterussland må diskvalifiserast frå tevlinga.[6][7] Blant anna er det starta fleire underskriftskampanjar for å få EBU til å stengje ute landet.[8] Den svenske kringkastaren SVT vedtok samstundes å stengje ute den kviterussiske juryen som skulle ha røysta i Melodifestivalen på grunn av «situasjonen i landet». Den kviterussiske juryen vart i staden erstatta av ein britisk jury.[9][10]

11. mars kunngjorde EBU at det kviterussiske bidraget ikkje var i tråd med tevlingsreglane, og at «Ja nautsju tebja» utfordrar Eurovision Song Contest sin «ikkje-politiske natur». EBU konkluderte med at bråket rundt songen risikerte å sverta ryktet til tevlinga, og sa at songen ikkje kunne tillatast i den noverande forma si. I staden måtte BTRK endre bidraget eller levere inn eit nytt bidrag, elles ville Kviterussland diskvalifiserast frå tevlinga.[3][11]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Belarus: Galasy ZMesta will sing "Ya nauchu tebya" at Eurovision 2021» (på engelsk). 9. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Belarus pick Galasy ZMesta» (på engelsk). 9. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Latest news: EBU statement on Belarusian entry». www.eurovision.tv. 11. mars 2021. Henta 11. mars 2021. 
  4. 4,0 4,1 «Eurovoix's Statement on the Participation of Belarus at the Eurovision Song Contest» (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  5. «Belarus: Galasy ZMesta will sing "Ya nauchu tebya" at Eurovision 2021» (på engelsk). 9. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  6. «🇧🇾 A new petition to disqualify Belarus from Eurovision 2021 hits 1000 signatures» (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  7. «🇧🇾 Campaign urges EBU to remove Belarus from Eurovision 2021» (på engelsk). 23. januar 2021. Henta 10. mars 2021. 
  8. «Belarus withdrawal from Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 10. mars 2021. 
  9. «Melodifestivalen 2021: SVT replaces Belarus on international jury panel citing the "current situation"» (på engelsk). 9. mars 2021. Henta 10. mars 2021. 
  10. Radio, Sveriges. «SVT backar – tar bort Belarus från juryn - Kulturnytt i P1» (på svensk). Henta 10. mars 2021. 
  11. «Belarus' Eurovision 2021 Entry Faces Disqualification Unless It Is Modified» (på engelsk). 11. mars 2021. Henta 11. mars 2021.