Ja til EF

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ja til EF
Skipafebruar 1972
LeiarReidar Carlsen
Ideologiproeuropeisk
Logo

Ja til EF vart stifta i februar 1972, etter at resultatet av forhandlingane om norsk medlemskap i EF låg føre.

Organisasjonen brukte dei same arbeidsmåtane som Folkerørsla mot EEC - det vart verva medlemmer, arrangert folkemøte, laga opprop og spreidd materiell. Det halve året organisajsonen var i arbeid, hadde dei nærare 1500 «stands» over heile landet med frivillig mannskap som delte ut flygeblad og jakkemerke, og dei opplevde at ja-sida fekk god framgang på meiningsmålingane, spesielt dei som vart tekne opp av Norsk Gallup.

Formannen for organisasjonen var arbeidarpartiveteranen Reidar Carlsen, han vart vald våren 1972 etter at Einar Gerhardsen hadde sagt nei til å engsjere seg aktivt i EF-striden. Dagleg leiar var Ola H. Medliaas.

Organisasjonen fekk pengar frå næringslivet. Han fekk òg, på line med Folkerørsla, tilskott frå staten til informasjonsarbeidet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]