Jabal al-'Awd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jabal al-'Awd
fjell
Land  Jemen
Høgd 2 942 moh.
Koordinatar 14°03′04″N 44°26′18″E / 14.05111°N 44.43833°E / 14.05111; 44.43833
Kart
Jabal al-'Awd
14°03′04″N 44°26′18″E / 14.05111111°N 44.43833333°E / 14.05111111; 44.43833333

Jabal al-'Awd (arabisk جبل العود) er eit fjell i høglandet i Jemen. Det har ei høgd på 2 942 meter over havet[1] og er det 67. høgaste fjellet i landet.[1] Det ligg kring 25 km søraust for den gamle Himjaritt-hovudstaden Zafar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stadnamnet ʿwd finst i gamle sørarabiske inskripsjonar, og syner truleg til dagens fjell. I antikken høyrte det til eit administrativt område kalla Ibb, nær Wadi Bana. Fjellet var kjend for eit podiumtempel som stod her, datert attende til det første tusenåret fvt, og busetnader i området var nemnd i Res Gestae av den sabaeiske kongen Karib'il Watar av Ṣirwāḥ.

Jabal al-'Awd har vore kjend sidan 1800-talet for qatabanske inskripsjonar i berget. Vinteren 1996 vart det gjort ulovlege utgravingar der som avdekte flotte bronsefigutarar, både i sørarabisk stil og middelhavsstil. I 1998 fekk tyske arkeologar løyve til å undersøke området nærmare. Dei fann ein busetnad med ein gravstad og mange av dei døde var gravlade med dyre varer i keramikk og stein i tillegg til våpen, smykke og amulettar. Dei fann at mange av varene var importerte frå Middelhavet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Jabal al-'Awd» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2016.
  • Vogt, B./Gerlach, I./Hitgen, H. «Die Erforschung Altsüdarabiens. Das Deutsche Archäologische Institut Sana'a auf den Spuren des Sabäerherrschers Karib'il Watar». Nürnberger Blätter zur Archäologie 15 (1998) 133–152. Mal:De icon
  1. 1,0 1,1 «Jabal al-'Awd». Peakery. Henta 15. november 2012. 
  2. Jabal al-'Awd - Eine frühhimyarische Bergsiedlung (1. Jh. v. Chr. - 3. Jh. n. Chr.) im südjemenitischen Hochland. (German Archaeological Institute Website.)