Jabal al-Nour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jabal al-Nour
fjell
Jabal al-Nour i Mekka.
Land  Saudi-Arabia
Topp Mekka
 - høgd 642 moh.
 - koordinatar 21°27′29″N 39°51′41″E / 21.45806°N 39.86139°E / 21.45806; 39.86139
Kart
Jabal al-Nour
21°27′29″N 39°51′41″E / 21.458055555556°N 39.861388888889°E / 21.458055555556; 39.861388888889
Wikimedia Commons: Jabal al-Nour

Jabal al-Nour (òg skrive Jabal an-Nur eller Jabal Nur), som på arabisk جبل النور tyder «Lysfjellet» eller «Opplysningsfjellet», er eit fjell nær Mekka i Saudi-Arabia.[1] Det er eit av dei mest populære turistmåla i Mekka. Den kjende Ghar-E-Hira eller Hiragrotta ligg i fjellet. Grotta er ganske lita, berre nokre meter lang og brei.[2] Fjellet er 642 moh, men turen til grotta tar likevel rundt to timar og er strevsam. Både fjellet og grotta er særs viktige for muslimar verda over. Den islamske profeten Muhammed skal i lange tider har meditert i grotta og ein trur at det var her han fekk den første openberringa frå erkeengelen Gabriel.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Inngangen til Hiragrotta i fjellet.

Sidan dette er sagt å vere staden der Muhammed fekk dei første versa i Koranen, fekk fjellet namnet «Jabal-al-Nour». Jabal tyder «fjell» på arabisk og Nour eller Noor tyder «lys» eller «opplysning».[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jabal al-Nour (The Mountain Of Light) and Ghar Hira (Cave of Hira)». 16. september 2015. 
  2. Mubārakfūrī, Ṣafī -R. Ar-Raheeq Al-Mak̲h̲tūm = The Sealed Nectar: biography of the noble prophet. Riyadh, Saudi-Arabia, 2002. Print.
  3. Weir, T.H.; Watt, W. Montgomery. «Ḥirāʾ.» Encyclopaedia of islam, Second Edition. Edited by: P. Bearman, Th. Bianquis, C.E. Bosworth, E. van Donzel, W.P. Heinrichs. Brill Online, 2013. Reference. Augustana College. 07. oktober 2013 <http://referenceworks.brillonline.com/entries/encyclopaedia-of-islam-2/hira-SIM_2890

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]