Jabal al-Tair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jabal at-Tair
vulkansk øy
Landsat 7-bilete av øya
Land  Jemen
Stad Raudehavet
 - høgd 244 moh.
 - koordinatar 15°32′N 41°50′E / 15.54°N 41.83°E / 15.54; 41.83
Lengd km
Areal 3,9 km²
Type Stratovulkan
Folketal 0
Siste utbrot 2007 til 2008
Kart
Jabal al-Tair
15°32′N 41°50′E / 15.54°N 41.83°E / 15.54; 41.83
Wikimedia Commons: Jabal al-Tair Island

Jabal al-Tair-øya (Jebel Teir, Jabal al-Tayr, Tairøya, Al-Tair-øya, Jazirat at-Tair; arabisk جزيرة جبل الطير, tyder «Fuglefjelløya») er ei omtrent oval vulkansk øy nordvest i sundet Bab al-Mandab ved innløpet til Raudehavet, omtrent halvvegs mellom Jemen og Eritrea. Frå 1996 fram til ho hadde utbrot i 2007, hadde Jemen to vakttårn og ein liten militærbase på øya.

Etter 124 år som ein sovande vulkan, hadde vulkanen som danna øya eit utbrot den 30. september 2007.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er omtrent oval, og kring 3 km lang,[1] og 3,9 km² stor.[2] Ho ligg omtrent halvvegs mellom Jemen, 115 km mot aust, og Eritrea, kring 150 km mot sørvest. Ho ligg 82 km frå den jemenittiske øya Kamaran. Dei saudiarabiske Farasanøyane ligg i nordaust.

Øya ligg nær spreiingssonen mellom den afrikanske plata og den arabiske plata.

Øya består av den basaltiske stratovulkanen Jabal al-Tair som stig 1200 meter opp frå botnen av Raudehavet, og held fram 244 meter over havet. til toppen av krateret.[1] Vulkenen vart rekna som «nyleg utdøydd» i 1982.[3] Det var den nordlegaste kjende vulkanen frå holoce i Raudehavet, med ein sentral ventil, Jebel Duchan.[1] Han ligg i den vulkanske og geologisk aktive regionen i Raudehavsrifta, spreiingssonen mellom den afrikanske plata og den arabiske plata.

På 1900 skildra den britiske marinen øya som utan vassforsyningar, og med ein høg, kjegleforma topp som steig kring 300 meter over havet. Den markante profilen gjer øya til eit fint seglingsmerke for skipsfarten i Raudehavet.[4] Øya har ingen innbyggjarar, men somme delar av øya er busett av fiskarar til somme tider av året.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare vart øya kalla Saiban,[6] og var eit viktig seglingsmerke for skipstrafikken i området.[5] Tidlegare kontrollerte Det osmanske riket Raudehavsøyane, og dei gav eit fransk selskap lov til å byggje eit fyr på øya. Britiske styrkar okkuperte øya i 1915, men suvereniteten vart ikkje då avgjort. Etter ein period med fransk-britisk drift av fyret, gjekk konsesjonen over til eit britisk selskap, og så til Jemen.[7]

Suvereniteten over øya var lenge omstridd mellom Etiopia, Eritrea og Jemen. I ein avtale frå 1962, var det skipsfarten som betalte for drifta av fyret.[3] I 1973 hadde Jemen sendt ei melding til Etiopia om at dei ønskte å gjere ei undersøking av øya frå lufta, og dei fekk eit fleirtydig svar frå Etiopia som seinare var årsaka til ein strid mellom dei. Etiopia meinte at øyane ikkje hadde noko anerkjend overmakt.[8] Striden fortsette etter Eritrea fekk sjølvstende i 1993 og braut ut i Hanisøyane-krisa i 1995 om retten til Hanishøyane og Zuqar.[9] Ei internasjonal rettssak i 1998-1999 gav forskjellige øyar til Eritrea og Jemen.[8]

Jemen hadde ein militærbase på øya frå striden med Eritrea i 1996 og fram til vulkanutbrotet i 2007. Det var to vakttårn på øya som observerte skipsfarten forbi øya.

Vulkanutbrotet i 2007[endre | endre wikiteksten]

Utbrotet sett frå USS «Bainbridge».

Vulkanen byrja eit utbrot klokka 1900 den 30. september 2007, og kasta lava og oske hundrevis av meter opp i lufta. Minst ein lavastraum vart sett på veg nedover mot sjøen. 29 jemenittiske soldatar vart evakuerte frå øya kort tid før utbrotet, men åtte kom seg ikkje bort og fleire lik vart funne i vatnet.[10][11] Det vart rapportert om at den vestlege delen av øya, der militærbasen låg, hadde kollapsa.[12]

Jemenittiske styresmakter bad nærliggande NATO-styrkar om hjelp og det nærmaste skipet, det amerikansk marinefartøyet USS «Bainbridge», hjelpte den jemenittiske kystvakta.[13] Andre skip frå NATO assisterte òg i redningsaksjonen.[14]

Utbrotet sett frå USS «Bainbridge».

Fleire mindre jordskjelv vart rapportert nær øya i to veker før utbrotet.[15][16]

Det siste utbrotet ein kjenner til før 2007 var i 1883, og det kan ha vore eitt i 1332.[1] Skipsfarten som passerer forbi øya daglet, vart ikkje råka av utbrotet.[17]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Jebel at Tair». Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=0201-01=. Henta 28. mai 2016. 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 17. juni 2011, henta 28. mai 2016 
  3. 3,0 3,1 Lapidoth, Ruth (1982). The Red Sea and the Gulf of Aden. Martinus Nijhoff Publishers. s. 5. ISBN 90-247-2501-1. 
  4. James, William; Lloyd Wharton (1900). The Raudehavet and Adenbukta Pilot. Great Britain Hydrographic Office. s. 72–73. 
  5. 5,0 5,1 Al-Ghabri, Ismail (22. mai 2006). «Jemen's leisurely beaches require development». Jemen Times. Arkivert frå originalen 12. oktober 2007. Henta 28. mai 2016. 
  6. Ambraseys, Nicholas Nicholas; Charles Peter Melville; Robin Dartrey Adams (1994). The Seismicity of Egypt, Arabia, and Raudehavet: A Historical Review. Cambridge University Press. s. 62. ISBN 0-521-39120-2. [daud lenkje]
  7. Rowlett, Russ. «Lighthouses of Yemen». The Lighthouse Directory. University of North Carolina at Chapel Hill. Henta 28. mai 2016. 
  8. 8,0 8,1 Quéneudec, Jean-Pierre; Permanent Court of Arbitration (2005). The Eritrea-Jemen Arbitration Awards 1998 and 1999. Cambridge University Press. s. 90. ISBN 90-6704-179-3. 
  9. Saadeh, Diala (28. mai 2016). «Nine missing after volcano erupts off Jemen». Reuters. Henta 28. mai 2016. 
  10. «Three killed as volcano erupts». CNN. 28. mai 2016. Arkivert frå originalen 8. oktober 2007. Henta 28. mai 2016. 
  11. Henry, Emma (28. mai 2016). «Volcano erupts on Red Sea island». The Daily Telegraph. Henta 28. mai 2016. 
  12. «Volcano erupts on Red Sea island». BBC News. 28. mai 2016. Henta 28. mai 2016. 
  13. «Raudehavet volcano's 'catastrophic' eruption». The Sydney Morning Herald. 28. mai 2016. Henta 28. mai 2016. 
  14. «Standing NATO Maritime Group ONE Aids in Volcanic Eruption Search and Rescue» (PDF) (Press release). North Atlantic Treaty Organization. 28. mai 2016. Henta 28. mai 2016. 
  15. Jemen Observer: http://www.yobserver.com/front-page/10013032.html
  16. «Jebel at Tair - SI / USGS Weekly Volcanic Activity Reports». Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=0201-01=&volpage=weekly. Henta 28. mai 2016. 
  17. «Jemen volcano erupts again». Arabian Business (ITP Publishing Group). October 3, 2007. Henta 28. mai 2016.