Jacek Wszoła

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacek Wszoła
Wszola Jacek.jpg
Jacek Wszoła i 2007
Fødd 30. desember 1956
Warszawa
Yrke friidrettsutøvar
Jacek Wszoła på Commons

Jacek Roman Wszoła (fødd 30. desember 1956) er ein polsk, tidlegare friidrettsutøvar frå Warszawa, som konkurrerte i høgdehopp. Han vart olympisk meister i øvinga i 1976 og tok sølv fire år seinare. I tida 1974-88 vann Wszoła elleve polske meisterskap i høgdehopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wszoła høyrde til mellom dei beste høgdehopparane allereie som 17-åring. I 1974 svinga han seg over 2,20 m, og han vart same sesongen nummer fem i europameisterskapen med 2,19 m. Året etter vart han junior-europameister med eit hopp på 2,22 m i Athen.

Under OL 1976 i Montreal var han ein av dei som ikkje let seg sette ut av eit ausande regnver. Saman med arrangørlandet sin Greg Joy klarte han 2,23 m i fyrste forsøk, men vart den einaste som gjekk over 2,25 m og tok ein høgst overraskande gullmedalje. I 1977 vann han høgdetevlinga både i innandørs-EM i San Sebastian og universiaden i Sofia.

Den 25. mai 1980 forbetra Wszoła den to år gamle verdsrekorden til Vladimir Jasjtsjenko med ein centimeter til 2,35 m under ein internasjonal tevling i Eberstadt. To månader seinare tok han sølvmedaljen under sommarleikane 1980 i Moskva, der austtyske Gerd Wessig vann på 2,36 m og sletta Wszoła sin ferske verdsrekord. Wszoła fekk ikkje delta i friidretts-EM 1982, ettersom han nytta sko av eit japansk merke og ikkje skoa til den faste sko-leverandøren til det polske friidrettsforbundet.

Wszoła vart polsk meister i høgdehopp elleve gongar. Fyrst vann han sju år på rad; 1974-1980, og deretter i 1982, 1984, 1985 og 1988.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]