Jack Fjeldstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jack Fjeldstad

Fødd24. mars 1915
FødestadChristiania
Død4. september 2000 (85 år)
DødsstadOslo
Verka somskodespelar
BornKjersti Fjeldstad
PrisarAmandakomiteens ærespris

Jack Fjeldstad (24. mars 19154. september 2000) var ein norsk skodespelar og sceneinstruktør. Han er framom alt kjend for hovudrolla i filmen Ni liv frå 1957.

Fjeldstad debuterte i 1939 på Søilen Teater i Oslo. I tida 1942-50 var han i kortare tidsrom tilsett både ved Carl Johan Teatret, Stavanger Teater og Det Norske Teatret. Sidan arbeidde han 1952-59 ved Folketeatret, 1960-62 ved Nationaltheatret og 1962–86 ved Det Norske Teatret, alle saman i Oslo.

Fjeldstad hadde sentrale roller i Pygmalion, Vildanden, Frøken Julie og Trost i taklampa. I 1975 fekk han Kritikarprisen for tittelrolla i Vaktmeisteren av Harold Pinter. Han utmerkte seg i nær sagt alle slags dramatiske stykke, i komediar og likso vel som i verk med tragiske figurar og stolte karakterar. Fjeldstad spelte i over 30 spelefilmar. Av desse peikar rolla som Jan Baalsrud i Arne Skouen sin film, Ni liv, seg ut.

Til Fjeldstads viktigaste instruktørarbeid høyrer Andorra av Max Frisch, Myrfolket av Wole Soyinka og Kristina av Kåre Holt, den siste til 1100-årsjubileet for byen Tønsberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]