Jack Pierce

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jack Pierce
Statsborgarskap USA
Fødd 23. september 1962 (61 år)
Cherry Hill
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992

Jack Warren Pierce (fødd 23. september 1962) er ein USA-amerikansk tidlegare hekkeløpar som voks opp i Woodbury i New Jersey. Han vann VM-sølv 1991, OL-bronse 1992 og VM-bronse 1993 i 110 meter hekk.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Pierce var ein av verdas beste korthekkløparar i eit tiår fram til 1996. I sin internasjonale meisterskapsdebut under VM 1987 vart han fjerdemann i øvinga, tre hundredels sekund attom bronsevinnaren Colin Jackson. I den neste verdsmeisterskapen, i Tokyo i 1991, måtte det målfoto til for å kåre landsmannen hans, Greg Foster, til verdsmeister, både Foster og Pierce fekk sluttida 13,06 sekundar. Året etter, under Sommar-OL i Barcelona, kom målfoto ut til fordel Pierce i striden om bronsemedaljen, han og briten Tony Jarrett fekk begge tida 13,26. Ved verdsmeisterskapen 1993 sikra Pierce seg ein ny bronsemedalje, medan han VM 1995 måtte nøye seg med fjerdeplassen. Den 22. juni 1996 sette Pierce personleg rekord med 12,94 sekundar under gunstige vindtilhøve i Atlanta. Derimot mislukkast han å kvalifisere seg til dei olympiske leikane i same byen i august månad.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]