Jack Schroer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jack Schroer
Fødd12. januar 1944(1944-01-12)
Død23. juni 1995 (51 år)
FødenamnJohn Henry Schroer
OpphavUSA
SjangerRock, folk, jazz, blues, R&B
Instrumentsaksofon, piano
Tilknytte artistarVan Morrison
PlateselskapWarner Bros.
Verka somMusikar

John Henry «Jack» Schroer (12. januar 194423. juni 1995) var ein USA-amerikansk saksofonist, pianist og arrangør, mest kjend for arbeidet sitt med Van Morrison i 1970-åra, då han var medlem av bandet hans, The Caledonia Soul Orchestra.

Morrison møtte først Schroer i 1969, då han spelte for Colwell-Winfield Blues Band: «Eg møtte Jack Schroer i New York då eg høyrde han spele i eit bluesband og inviterte han til å spele med meg på ein konsert kvelden etter.»[1] Schroer spelte med Morrison på konsertane hans fram til 1973 då han oppløyste The Caledonia Soul Orchestra.

Schroer spelte saksofonsoloar på fleire av songane til Morrison, som «Moondance» og «Tupelo Honey».

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Van Morrison[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Yorke, Ritchie. Into the Music. p.71