Jacob Ørbæk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Ørbæk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1869
Død

28. juli 1954 (84 år)

Jacob Maurice Ørbæk (11. november 186928. juli 1954) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Halden som representerte Aust-Agder og partiet HøgreStortinget i åra 1928-45.

Ørbæk var son til ein kyrkjetenar. Etter å ha arbeidd eit par år i bank, var han 1886-88 elev på Hamar seminarium. Deretter var han lærar i Halden i tre år og i Tvedestrand i to år. I Tvedestrand var han samstundes organist og songleiar åra 1892-98. Frå 1894 til 1917 var han kontorsjef i C. Wroldsen, eit firma i Tvedestrand som dreiv skipsreiarverksemd og trelasthandel. Jamsides var han «direktør» 1909-19 i sparebanken i Tvedestrand. I 1918 var han disponent i A/S Trælast i Tvedestrand og frå 1919 til-25 hadde han same posisjon i Visedalens Timberlag i Risør. Åra 1924-26 var han redaktør i Aust Agder Blad i Risør, før han så var handelsagent i Risør for franske næringsutøvarar og -interesser. Til sist var han banksjef i Søndeled Sparebank 1938-45.

Ørbæk var bystyremedlem i Tvedestrand frå 1901 til -19 og heradsstyremedlem i Søndeled 1925-31. I Tvedestrand var han til ulike tider skulestyreformann, fattigstyreformann og formann i likningsnemnda, samt branndirektør. Han var i Søndeled medlem i forliksrådet og elles medlem 1910–19 i Sørlandsbanens felleskomite. Både i Tvedestrand og i Søndeled hadde han sentrale posisjonar i styringa og kontrollen av den lokale sparebanken. Han var i til saman fire år leiar av handelsforeininga i Tvedestrand, og 1924-26 formann i Aust-Agder distriktslag for idrett. Og gjennom fem år dirigerte han Risør mannskor.

I tida 1928-45 var Ørbæk tredje representant frå Aust-Agder på Stortinget, vald for partiet Høgre. Han var i alle år med i Militærkomiteen, nestformann 1937-45.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]