Jacob Aaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Aaland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. april 1865
Hopland
Død

18. oktober 1950 (85 år)

Yrke skribent
Språk norsk

Jacob Aaland (27. april 186518. oktober 1950) var ein lærar, historikar og statsstipendiat frå Randabygda i Stryn. Han var ein pioner i arbeidet med bygdesoger og anna lokalhistorisk gransking, og er særleg kjend for sitt omfangsrike verk Nordfjord fraa gamle dagar til no: II. Dei einskilde bygder, som kom i fem, tildels tjukke, band i tida 1909 til 1943.

Byste av Jacob Aaland i Randabygda i Stryn kommune i Nordfjord. Den vart avduka i 1977. Fotograf: Chell Hill.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Aaland var husmannsson, fødd på plassen Sagebakken under garden Åland i Randabygda, i dåverande Innvik herad. Alt i barneåra synte han stor lese- og vitelyst, omgangsskulen han gjekk i varte einast ni veker om året, noko han syntest var for lite. Vinteren 1881/82 gjekk han på amtsskulen på Apalset i Gloppen, der Elias Melvær var andrelærar. Aaland ville verte lærar og fekk lånt seg pengar slik han kunne ta til ved seminaret på Stord, der han avla eksamen i 1884.

Han fekk seg så lærarpost i Sigdal, der han verka i to år. Åra 1887-90 var Aaland andrelærar ved folkeskulen i byen Brevik. I denne perioden gjekk han i hovudstaden eit gymnastikkurs, og nytta då mykje tid til gransking i Riksarkivet. Frå nyår 1891 var han lærar i folkeskulen i Kragerø til han hausten 1892 fekk lærarstilling i Bergen. I Bergen kommune var han tilsett i 40 år, dei fyrste åra var han på Fortunen skule, seinare på Lungegården skule. Overflyttinga til Bergen fekk mykje å seie for Aaland, då han der kom i kontakt med eit lærdomsmiljø med karar som B.E. Bendixen, Haakon Shetelig og fleire andre.

Nordfjordsoge[endre | endre wikiteksten]

Heilt frå tidleg vaksen alder interesserte Aaland seg for bygdesoge. Han var ein sumar heime i Randabygda, då ein bonde viste han eit pergamentbrev frå 1459. Aaland byrja då røkje etter, og kom slik over fleire eldre dokument. Fart i innsamlingsarbeidet hans vart det ikkje før i 1890-åra, men frå kring 1895 er det truleg at han emna på å lage ei slags bygdebok.

I 1898 kom Nordfjords lensherrer og fogder , eit mindre verk om den lokale eliten. Denne boka var, etter alt å døme, ferdig tidlegare. Tanken om det store bygdebokverket for Nordfjord, med gardssoger og ættelister, hadde vakse fram. Til eit såvore lyft trongst mykje gransking, og det stod etter kvart klart for Aaland at verket måtte spreiast over fleire band bøker.

Aaland fekk i 1901 kroner 100 i stipend av Bergens Museum, for å kunne samle inn ymse «kulturhistorisk materiale» i Nordre Bergenhus amt. Same sommaren 1901 reiste Aaland i fire veker rundt i fleire bygder i Sunnfjord og Nordfjord. I 1903 gjekk han teiknekurs på kunst- og handverkskulen i Kristiania, og vikarierte eit par månader i Riksarkivet.

Granskingsarbeidet heldt fram og i 1905 fekk han 1500 kroner i stipend frå Nordfjord Sparebank. Desse midlane nytta han til arbeid i arkiva i Kristiania og i København. To år seinare var Aaland med på å stifte Nordfjord Sogelag.

Den fyrste boka i bygdebokserien han planla, om herada Eid og Hornindal, låg ferdig til prenting i 1909. I forkant var det retta fleire førespurnader, mellom anna til Det norske Samlaget, om å få boka gjeven ut. Ingen ville ta på seg utgjevinga, enden vart at Aaland av Nordfjord Sparebank fekk tusen kroner til kvar av dei fem bygdebokbanda han planla.

Aaland vart dermed både forfattar og utgjevar av bokverket Nordfjord fraa gamle dagar til no. Fyrste bandet, Eid-Hornindalen, kom i 1909 og gjorde at Aaland vart ein kjend mann i Nordfjord. Boksalet gjekk helst litt dårlegare enn Aaland håpa, men han fekk mykje fagleg ros for arbeidet. Lesarar flest la særleg merke til bolken om gards- og ættesoge, der dei fann mykje nytt om lokale og personale tilhøve.

I Noreg var det fyrste gong nokon skreiv så utførleg om folk og ætter over så store og vide bygdelag. Bokverket kom i fem band fram til 1943, det siste om bygdene Selje og Vågsøy omhandla berre gardssoga, og vart fullført fjorten år seinare av Edvard Os.

Aaland hadde bolkevis fri frå lærarposten i Bergen, men måtte då sjølv halde vikar. Ein lengre bolk, 1914-19, skula han ikkje i det heile. Åra 1917-19 budde han på Nordfjordeid, der han var redaktør for Fjordenes Blad.

Statsstipendiat frå 1911.

Jacob Aaland er gravlagd på Fredly kyrkjegard. Ein bauta til minne om han vart reist i Randabygda i 1977, ei anna minnestøtte står på Nordfjord FolkemuseumSandane.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1898 – Nordfjords lensherrer og fogder
  • 1904 – Fra fylkesthingene i Nordfjord i det 17de aarhundrede
  • 1909 – Nordfjord fraa gamle dagar til no : 2. Dei einskilde bygder. 1. Eid-Hornindalen : med mange bilæte (Nordfjordeid: Brødrene Totland)  [Ny utgåve 1953 ved Edvard Os]
  • 1918 – Nordre Bergenhus amt. 1. hefte. Nordfjordeids og Hornindals herreder (Kristiania: Johanne Hanche)
  • 1925 – Nordfjords stortingsrepresentation fra 1814 til nu (Nordfjordeid: Fjordabladets prenteverk) I fulltekst ved nb.no  [Artikkelserie i Fjordabladet]
  • 1931 – Utsyn yver Stigedalsvegsoga
  • 1932 – Gloppens sparebank i 50 år : (1882-1932)
  • 1932 – Nordfjord fraa gamle dagar til no : 2. Dei einskilde bygder. 3. Innvik - Stryn. Del 1 og 3 (Nordfjordeid: Brødrene Totland) I fulltekst ved nb.no  [Ny utg. 1974]
  • 1932 – Nordfjord fraa gamle dagar til no : 2. Dei einskilde bygder. 3. Innvik - Stryn. Del 2 (Nordfjordeid: Brødrene Totland) I fulltekst ved nb.no  [Ny utg. 1974]
  • 1933 – Fitjar : bygdeskipnad og bygdesoga (Sandane) I fulltekst ved nb.no
  • 1935 – Nordfjord frå gamle dagar til no : 2 Dei einskilde bygder. 2. Gloppen-Breim : med kart og mange bilete : fyrste og andre bolk (Nordfjordeid: Brødrene Totland) I fulltekst ved nb.no
  • 1939 – Nordfjord fraa gamle dagar til no : 2. Dei einskilde bygder. 4. Davik (Sandane) I fulltekst ved nb.no
  • 1943 – Gloppen - Breimn : kommunesoga 1838-1937 (Sandane: Søreide prenteverk) I fulltekst ved nb.no
  • 1943 – Nordfjord fraa gamle dagar til no : 2. Dei einskilde bygder. 5. Selje, Sør- og Nord-Vågsøy : 2. bolk (Nordfjordeid: Brødrene Totland) I fulltekst ved nb.no
  • 1943 – Nordfjord fraa gamle dagar til no : 2. Dei einskilde bygder. 5. Selje, Sør- og Nord-Vågsøy : 1. bolk (Nordfjordeid: Brødrene Totland) I fulltekst ved nb.no  [Utg. posthumt ved Edvard Os]
  • 1975 – Ovtru og segner samla i Lodalen (Sandane: Solglimt trykkeri)  [Særprent av Årbok for Nordfjord 1975]
  • 1982 – Gamall brudlaupsgjerd i Nordfjord (Selje)  [Særprent av Årbok for Nordfjord 1982]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Skrede, P.M.: «Jacob Aaland». I: Årbok for Nordfjord 1965
  • Djupedal, Reidar: «Jacob Aaland». I: Årbok for Nordfjord 1965
  • Djupedal, Reidar: «Jacob Aaland og bygdesoga på hundreårsdagen for hans fødsel ». I: Heimen 1966
  • Djupedal, Reidar: «Jacob Aaland». I: Heimen 1983
  • «Jacob Aaland til minne». I: Jul i Nordfjord 1965
  • Tvinnereim, Jon: «Bygdesogepioneren frå Nordfjord». I: 100 år 100 navn. Personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. Sunnmørposten Forlag, 2000

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Skrede, P.M.: «Jacob Aaland». I: Årbok for Nordfjord 1965
  • Djupedal, Reidar: «Jacob Aaland». I: Årbok for Nordfjord 1965

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]