Jacob Andreas Lindeman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Andreas Lindeman
Fødd 26. september 1805
Død

13. desember 1846 (41 år)

Yrke prest, musikar

Jacob Andreas Lindeman (26. september 180513. desember 1846) var ein norsk geistleg som var fødd i Trondheim der faren, Ole Andreas Lindeman, var organist. Mor hans heitte Anne Severne Hichmann. Han gifta seg i 1832 med Marie Cathrine Aastrup (død i Christiania 1880).

Han tok studenteksamen ved Trondhjem skole 1827 og teologisk eksamen 1832. Frå 1826 til 1840 var han organist ved Vår Frelseres Kirke i Christiania. I 1839 vart han residerande kapellan i Leikanger, i 1844 vart han sokneprest i Davik der han arbeidde til han døydde brått, 41 år gammal.

I 1841 gav han ut Coral-Melodier for Psalmodicon til de i Kingos, Guldbergs og den evangelisk christelige Psalmebog forekommende Psalmer, udsatte i Siffre efter den ved kongelig Resolusjon af 15de Juni 1835 authoriserede Choralbog, tilligemed en Veiledning til Brugen av Psalmodicon. J.W. Cappelens Forlag. Boka bygde på koralboka faren hadde utarbeidd i 1835, og kom i fleire utgåver i tiåra som følgde.

I Leikanger starta han ein jenteskule som han heldt fram i Davika, «til stort Gavn for Embedsmænds Døtre i Stiftet».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]