Jacob Borch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacob Borch
Fødd 13. juli 1813
Død

17. juni 1886

Yrke politikar

Jacob Krog Borch (13. juli 181317. juni 1886) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Drammen. Han var svigerson til John Gullichsen.

Borch var son til ein kjøpmann. Etter 5-6 år som handelsbetjent i Christiania arbeidde han på eit handelskontor i heimbyen Drammen. Frå 1840 var han kjøpmann i heimbyen, og i tillegg trelasthandlar skipsreiar og fabrikkeigar, til dess han i 1879 gjekk konkurs.

Borch var medlem av Drammen bystyre frå 1844 og ordførar 1856-57. I tida 1860-79 var han styremedlem i Noregs Bank si avdeling i Drammen, og frå 1879 forlikskommissær.

Borch representerte Drammen på Stortinget både i 1851, 1854, 1859-60, 1865-66 og 1877-78. På Tinget var han medlem 1851 og 1859-60, sekretær 1854 og formann 1865-66 i Bankkomiteen. Han var elles sekretær 1851 og medlem 1877-78 i Jarnbanekomiteen, samt i 1877-78 medlem av Lagtinget og Skattekomiteen. I 1878-sesjonen hadde han også sete i Valkomiteen, medan han melde sjukdomsforfall til 1879-sesjonen. Han var i 1860 med i den deputasjonen Stortinget sende til kryninga av Karl III i Stockholm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]