Jacob Bredesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Bredesen

Fødd21. november 1998 (25 år)
Statsborgar avNoreg
YrkeTeknologi og reiselivskonsulent

Jacob Jansen Bredesen (fødd 21. november 1998) er ein teknolog og tidlegare norsk politikar for partiet Venstre.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bredesen var fødd i Storbritannia, som son av dansepedagogen Candice Bredesen (f. 1976) og fotograf og målarkunstnaren Tommy Bredesen (f. 1975). Han er den eldste[1] av dei fem søskena.

Mora Candice levde stjernelivet i England, men valde i 2003 å flytte til Florø i lag med mannen Tommy, som sjølv var frå byen. Dei studerte kunst på same universitet.[2]

Mora fekk i 2005 den tverrkulturelle prisen av Flora kommune for sitt arbeid for dansemiljøet i byen. Seinare same året flytta familien til Nordfjordeid, i Stad kommune.

Faren Tommy var målarkunstnar, lærar og fotograf.[3] Han vart kåra til årets fotograf av foto.no i 2013 i tema «Mijø».[4] Han hadde utstillingar rundt om i Sogn og Fjordane.[5][6] Blant anna utstilling med Flora Kunstlag med kjende motiv som Pushwagner og Iggy Pop. [7]

Mora var travel då familien budde i Florø, og lærte seg lite norsk. Når ho var på butikken var det Jacob som omsette frå norsk til engelsk for ho.[1] Dette fekk tying i 2006, då Bredesen var sju år gammal. Då berga han livet til den 3 månader gamle systera hans då ho vart blå i ansiktet og strevde med å puste.[8][9] Sidan mora kunne dårleg norsk, og i kaoset ringde det britiske naudnummeret 999 i staden for det norske 113, tok Jacob over og ringte og forklarte.[9]

Då Bredesen var konfirmant reiste han til Malawi ilag med Kirkens Nødhjelp, og lærte om bistandsarbeid i området.[10] Han var seinare engasjert i ungdomsorganisasjonen Changemaker. Etterkvart flytta engasjementet seg over i politikk der han var med i ungdomsrådet[11] og partiet Venstre.[12]

Bredesen gjekk studieførebuande ved Eid vidaregåande skule. Han studerte vidare International BaccalaureateRed Cross Nordic United World College i Fjaler kommune, ein privat internasjonal skule med 200 elevar frå over 90 ulike land.[13]

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Bredesen var fylkesleiar for Sogn og Fjordane Unge Venstre, og dermed også medlem av fylkesstyret i Sogn og Fjordane Venstre og landstyret til Unge Venstre.[14]

Han var også tilsett som valkampsekretær under valkampen i 2015.[15]

Bredesen vart historisk som den fyrste 16-åringen i Eid kommune til å stemme ved kommunevalet i 2015.[16] Han kunne ikkje røyste ved fylkestingvalet då dette var ei prøveordning for røysterett for 16 og 17 åringar.[17]

Bredesen har blant anna uttalt at han støttar ein meir liberal ruspolitikk,[18] støtta fritt skuleval i Vestland[19] og at skuledagen burde starte seinare.[20] Då han budde i Fjaler som elev ved UWC tok han også initiativ til å få på plass ei dataspel-linje ved Dale vidaregåande skule.[21]

I 2016 var han motstandar av salmesong i fylkestinget og meiner at religion og politikk ikkje skal blandast.[22] Han vart seinare styreleiar for Human-Etisk Forbund i Nordfjord.[23]

I 2023 var han kandidat for Stad Venstre i kommunevalet.[24]

Yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Bredesen drog til England for å studere speldesign, men slutta etter eit halvt år for å utvikle sitt eige spel.[25] Siden 2018 har han vore innehavar av dataspelverksemda Six Kings. Han har publisert spel på Nintendo Switch, Playstation og Xbox. [26][27]

Bredesen har også ansvar for teknologi ved Sagastad Vikingsenter.[28][29][30] Han har blant anna utvikla ei VR-oppleving som viser Nordfjordeid i vikingtida.[31] [32][33]

Sidan 2024 er han også marknadssjef ved cruisekaia på Nordfjordeid. [34][35]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stubhaug (foto), Eli E. Vengen og Arne (23. mai 2005), «Ein annan dans», Firda (på norsk), henta 30. januar 2024 
  2. «(+) Dansepedagogen med skjulte talent for kunstmåling», fjordabladet.no (på norsk), 12. mars 2021, henta 30. januar 2024 
  3. «Tommy Jansen Bredesen – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no, henta 30. januar 2024 
  4. «1. plass», fokus.foto.no, henta 30. januar 2024 
  5. «BILDE: Utstilling på Kystmuseet», Firdaposten (på norsk), 25. oktober 2009, henta 30. januar 2024 
  6. «Åpning av Kunstutstilling på Amfi», Firdaposten (på norsk), 17. juli 2010, henta 30. januar 2024 
  7. Bruvik, Linda Regina (19. november 2018), «Tommy Bredesen kjem heim til juleutstillinga», Firdaposten (på norsk), henta 30. januar 2024 
  8. «Sjuåring reddet lillesøster ved å ringe 113», www.vg.no (på norsk bokmål), 20. september 2006, henta 30. januar 2024 
  9. 9,0 9,1 Reksnes, Asgeir Heimdal (20. september 2006), «Jacob (7) berga livet til systera», NRK (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024 
  10. Stryn Kyrkjeleg Fellesråd. «Konfirmantar på Afrika-tur» (PDF) (på norsk). Henta 31.01.2024. 
  11. Vengen, Eli Eikenæs (22. oktober 2014), «Helsesøstrene får meir pengar», NRK (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024 
  12. Venstre, Vestland (1. juli 2015), «Ny valkampsekretær», Venstre (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024 
  13. Marianne Furevikstrand (4. februar 2016). «Avis til karrieremessa 2016». HAFS. 
  14. Sogn og Fjordane Venstre. «Jacob Bredesen». 
  15. Venstre, Vestland (1. juli 2015), «Ny valkampsekretær», Venstre (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024 
  16. «Første 16-åring i Eid har røysta til kommunestyrevalet 2015». Eid kommune. 
  17. Gudvangen, Vidar (3. juli 2015), «Her førehandsrøyster Jacob (16)», NRK (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024 
  18. Venstre, Jacob Bredesen, fylkesleiar Sogn og Fjordane Unge (18. august 2016), «(+) Sprei kunnskap, ikkje frykt», Firda (på norsk), henta 30. januar 2024 
  19. Gytri, Anna (28. februar 2017), «Ungdomane vil sjølv velje kvar dei skal gå på skule», NRK, henta 30. januar 2024 
  20. Haukedal, Sondre Lingås (9. oktober 2016), «Ungdomspolitikar: Skuledagen bør starte seinare», NRK (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024 
  21. Sætre, Ivar Bruvik (25. mai 2016), «Vil ha dataspel-linje på Dale vidaregåande», Firda (på norsk), henta 30. januar 2024 
  22. Bergset, Mattias Rolighed (3. oktober 2016), «– Historielaust å bryte lang tradisjon», NRK (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024 
  23. Drabløs, Bjørn Erik (8. juni 2020), «(+) Spent før årets påmelding for humanistisk konfirmasjon», fjt.no (på norsk), henta 30. januar 2024 
  24. Flatebø, Tormod (14. mars 2023), «(+) Seks av elleve i dagens kommunestyret stiller på nytt», fjordabladet.no (på norsk), henta 30. januar 2024 
  25. Sætre, Ivar Bruvik (17. mars 2019), «(+) Jacob (20) har gitt ut spel på Nintendo Switch. – Det betaler rekningane», Alt (på norsk), henta 30. januar 2024 
  26. Kings, Six, «Six Kings Official Website», Six Kings (på engelsk), henta 30. januar 2024 
  27. «Paddles», store.playstation.com, henta 30. januar 2024 
  28. «Kontakt oss», Sagastad (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024 
  29. NRK (17. oktober 2023), «Sjå Vestlandsrevyen 19.45», NRK, henta 30. januar 2024 
  30. Stad Kommune. «Kunnskapsgrunnlag Temaplan for kultur 2023-2035» (PDF). Stad Kommune. Henta 30.01.2024. 
  31. Kolseth (fjt@fjt.no), Siri (7. juni 2021), «(+) Her kan du leike med sverd eller skyte med pil og boge i ei virtuell vikingverd», fjt.no (på norsk), henta 30. januar 2024 
  32. «God morgon Sogn og Fjordane - Distriktsprogram - Sogn og Fjordane», NRK Radio (på norsk), henta 30. januar 2024 
  33. Wuttudal, Anna (29. mai 2021), «(+) Trefte blinken, men klarte ikkje å fange høna», fjordabladet.no (på norsk), henta 30. januar 2024 
  34. Vedvik, Joakim (26. januar 2024), «(+) Vikingskipa Ask og Birk til Nordfjordeid», fjordabladet.no (på norsk), henta 30. januar 2024 
  35. «Nordfjordeid | Cruise Europe», www.cruiseeurope.com (på engelsk), henta 30. januar 2024