Jacob Calmeyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Calmeyer

Sjølvportrett
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. oktober 1802
Halden kommune
Død

3. august 1883 (80 år)
Christiania

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Jacob Calmeyer på Commons

Jacob Mathias Calmeyer (30. oktober 18023. august 1883) var ein norsk målar frå Fredrikshald. Han måla i ein romantisk, men noko utvendig stil.

Calmeyer, som var son til ein lærar, gjekk 1819-21 i lære hos Heinrich August Grosch, Hans Ditlev Franciscus von Linstow og Jacob Munch ved Den kgl. Tegneskole i Christiania. Deretter studerte han ved Kunstakademiet i København under Christoffer Wilhelm Eckersberg til 1826.

Davigens præstegaard i Nordfjord, 1848

Etter nokre år i Christiania og Bergen reiste Calmeyer i 1830 til kunstakademiet i Dresden og gjekk i lære hos Johan Christian Dahl, far til den norske nasjonalromantikken. I 1831 måla han Svartediket ved Bergen, hans kanskje mest vellukka verk.

Calmeyer budde frå 1833 ulike stader i Skandinavia; København, Stockholm, Christiania, Bergen, Holmestrand. Heile denne tida sleit han med å gjere målinga til eit livsyrke. Ein del av hans teikingar kom med i verket Norge fremstillet i Tegninger. I 1859 busette han seg i den norske hovudstaden, der han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]