Jacob Christian Prebensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Christian Prebensen
Fødd5. oktober 1851
Død8. september 1911 (59 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeforretningsdrivande, politikar
FarJacob Wetlesen Prebensen
BarnPer Preben Prebensen
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1892–1894)
  • vararepresentant til Stortinget (1886–1888)
  • vararepresentant til Stortinget (1898–1900)
  • vararepresentant til Stortinget (1900–1903) Sjå dette på Wikidata

Jacob Christian Wetlesen Prebensen (5. oktober 18518. september 1911) var ein kjøpmann, skipsreiar, trelasthandlar og stortingsmann frå Risør. Nikolai Prebensen var bror hans.

Prebensen vart utdanna i handelsfaget under opphald i Nederland og Skottland. Han overtok i 1876 faren sine forretningar i Risør. Desse voks mykje i Prebensen si tid og omfatta handel, utreiing av skip, skipsverft, trelasthandel, sagbruk og høvleri, mylnebruk, eksport av is. Han eigde store skogeigedomar i Gjerstad og Treungen, på det meste hadde han hand om om lag 150000 dekar. I 1910 kom verksemda under administrasjon, og firmaet vart avvikla.

Prebensen var ordførar i Risør frå 1880 til 1909. Han var styreformann for fellesfløytinga i Gjerstad, Nærstad og Vegårshei. Elles hadde ein rekke verv i både offentleg og privat teneste.

Prebensen var for perioden 1892-94 vald til stortingsmann for Risør og partiet Høgre. På tinget var han 1892-93 medlem av gasje- og pensjonskomiteen, i 1894 møtte han ikkje. Tidlegare, 1886-88, hadde han vore fyrste varamann på Stortinget for Risør, møtte då frå 11. juni 1888.

Han døydde 1911 i Søndeled.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914