Jacob Dybwad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacob Dybwad
Jacob Dybwad.jpg
Fødd 20. juli 1823
Christiania
Død

4. september 1899
Christiania

Yrke bokhandler

Jacob Dybwad (fødd 20. juli 1823 i Christiania, daud 4. september 1899) var ein norsk bokhandlar og forleggar.[1]

Han utdanna seg i boktrykkerfaget i Leipzig, Paris og Berlin. Etter å ha vend heim blei han med i broren Christian Dybwad sitt forlag og bokhandel. I 1852 overtok han bokhandelsverksemda og etableterte etterkvart eit eige forlag som fekk namnet Jacob Dybwads Forlag.[2][1] Han dreiv denne fram til sønene Jakob og Bertram tok over (1882).

Forlaget gav blant anna ut kjende forfattarar som Carl Paul Caspari, Nordahl Rolfsen si Lesebok for Folkeskolen, Jens Andreas Friis, Moltke Moe, P. Chr. Asbjørnsen, M.B. Landstad, Jonas Lie og Jakob Sverdrup. I tillegg var det mykje samarbeid med Universitetsbiblioteket i samband utgjeving av Almanakk for Norge (1877–1898).

Jacob Dybwad var son av Jacob Erasmus Dybwad og Christiane Lange. Han var gift med Anna Margrethe Grøntvedt Aabel (1831–1873) og Ingeborg Krog (1850–1930). Med den første kona si fekk han sønene Peter Dybwad, som blei arkitekt, og Vilhelm Dybwad, som blei forfattar og advokat. Sistnemnde gav blant anna ut biografien Jacob Dybwad (1823–1899) i 1942.[1]

Jacob Dybwad er gravlagt på Vår Frelsers gravlund i Oslo.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Egil Tveterås. «Jacob Dybwad». Norsk biografisk leksikon. Henta 7. august 2017. 
  2. «Jacob Dybwad». Store norske leksikon (på norsk). 7. mars 2019. 
  3. «Grav - Gravferdsetaten i Oslo kommune». www.begravdeioslo.no. Henta 7. august 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Haakon B. Nielson. Jacob Dybwad 125 år. Glimt av forlaget og bokhandelens historie. (1977)
  • Vilhelm Dybwad. Jacob Dybwad (1823–1899) (1942)