Jacob Hoel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Hoel
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. august 1775
Nes i Hedmark
Død

29. juli 1847 (71 år)
Nes i Hedmark

Yrke bonde, politikar, offiser
Språk norsk

Jacob Nielsen Hoel, (7. august 177529. juli 1847), var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Hedmark.

Hoel var frå Hol i Nes i Hedmark. I 1800 kjøpte han storgarden Hovinsholm på Helgøya i heimbygda Nes. Han dreiv garden til han døydde. Då overtok sonen Nils Hoel drifta.

Hoel var i 1814 valmann ved valet til riksforsamlingaEidsvoll. På stortinget 1818 var han 1. representant for Hedmark. Han var då medlem av 11 komitear, der i mellom komiteen om skattelova av 1816. Hoel var også med på tingsamlingane 1821 og det overordentlege storting 1822. Her var han med i 12 komitear. På desse stortinga høyrde Hoel til opposisjonen som tala for ein anti-deflasjonspolitikk.

Hoel nådde ikkje opp ved stortingsvala 1824, 1827, 1830, 1833. Ved dei tre siste vala enda han som 1. varamann (suppleant). Frå 5. mars 1833 møtte han likevel resten av stortingssesjonen, då representanten Evenstad hadde forfall.

Bondeleiaren Halvor Hoel var ein eldre bror.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]