Hopp til innhald

Jacob Jervell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Jervell
StatsborgarskapNoreg
Fødd21. mai 1925
Fauske kommune
Død

2. mars 2014 (88 år)
Oslo

Yrkeomsetjar, teolog, skribent, bibelomsetjar, luthersk prest, New Testament scholar
Medlem avDet Norske Videnskaps-Akademi
ReligionDen evangelisk-lutherske kyrkja
FarSverre Jervell

Jacob Stefan Jervell (21. mai 1925–2. mars 2014) var ein norsk teolog, professor emeritus, forfattar og prest.

Jervell blei dr.theol. på avhandlinga Imago Dei i 1959, og var frå 1960 til 1988 professor i bibelvitskap ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Frå 1997 gjorde han i ein treårsperiode teneste som Professor II ved Universitetet i Tromsø. Han hadde òg gjesteprofessorat blant anna ved universiteta i Yale i USA og i Århus i Danmark.

Jervell takka i 1978 nei til førespurnaden om å bli biskop i Den norske kyrkja. Han var internasjonalt kjend som ekspert på nytestamentlege skrift, og var ein av Noregs mest markante teologar og samfunnsdebattantar. I delar av kyrkja blir han rekna som kontroversiell - og høyrer til den såkalla «liberale fløya».

Heidersteikn

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]