Jacob Roggeveen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacob Roggeveen
Fødd 1. februar 1659
Middelburg
Død

31. januar 1729
Middelburg

Kart som viser reiseruta til Roggeveen-fartøya over Stillehavet

Jacob Roggeveen (januar 1659februar 1729) var ein nederlandsk sjøfarar og oppdagar, fødd og død i Middelburg. Han leia ein ekspedisjon som oppdaga Påskeøya i 1722 og var innom Selskapsøyane og utforska Samoa.

Roggeveen var aktiv i Batavia i Nederlandsk Ostindia i to periodar, fyrst i 1680-åra og sidan som dommar i åra 1707-14. I mellomtida var han notar i heimbyen.

Inspirert av sin for lengst avdøde far, arbeidde Roggeveen ut ein plan for ein handels- og utforskningsekspedisjon til Stillehavet. Ekspedisjonen skulle leite etter det ukjende, og innbilte, Terra Australis, og søke etter ein vestleg sjøveg til krydderøyane. Med stønad frå Vestindisk kompani la han i 1721 ut frå øya Texel med skipa «Africaansche Galei», «Arend» og «Theinhoven».

Ekspedisjonen var innom Juan Fernández-øyane og kom 5. april 1722 til Rapa Nui, som vart kalla Påskeøya då dei oppdaga øya påskedagen. Der etter granska ekspedisjonen Tuamotuøyane og steig i land både på Apataki, Arutua, Tikei og Makatea. «Africaansche Galei» forliste ved Takapoto i Tuamotuøyane, der fem av mannskapet vart verande. Vraket vart ei kjelde til metall for polynesiarane. På Makatea opna ekspedisjonen eld mot folk på stranda, ibuarane svara med å drepe ti av mannskapet som gjekk i land. Etter å ha vore innom Selskapsøyane segla ekspedisjonen til Samoaøyane. Som dei fyrste europearane oppdaga dei øyane Ta'u, Olosega, Ofu, Tutuila, Rose, Swains og Upolu.

Frå øyane i Polynesia segla Roggeveen forbi Ny-Guinea til Batavia, dit han kom i 1722. Halve ekspedisjons-mannskapet hadde då døydd av skjørbuk. Ostindisk kompani konfiskerte der dei to gjenverande skipa og skulda Roggeveen for brot på handelsmonopolet.

Frå Batavia vart Roggeveen send tilbake til Nederland. Vel heime gjekk han til sak mot Ostindia-kompaniet og fekk til sist utbetalt erstatning for dei tap og utgifter ekspedisjonen hadde.

Ekspedisjonsloggen vart gitt ut på nederlandsk i 1838.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]