Jacob Roll frå Trondheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Roll frå Trondheim

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mai 1783
Spydeberg kommune
Død

7. mars 1870 (86 år)
Trondheim

Yrke jurist, dommar, politikar
Språk norsk
Jacob Roll frå Trondheim på Commons

Jacob Roll (17. mai 17837. mars 1870) var ein jurist og stortingsmann frå Trondheim. Han var far til Ferdinand Roll og Oluf Nicolai Roll.

Roll var son til ein proprietær. Sjølv vart han student frå Christiania katedralskole i 1799 og vart cand. jur. frå universitetet i København. Dei neste åra var han medlem av overkriminalretten. 1814-15 var han krigsfiskal, og var såleis aktor i krigssaka mot general Bernhard Staffeldt. Åra 1815-28 var han assessor (dommar) ved stiftsoverretten i Trondheim, sidan justitiarius for den same retten fram til 1855. Roll var styremedlem i Noregs Bank 1816-57. Han var medlem av bystyret i Trondheim 1837-56.

Roll møtte på omframstortinget 1822 frå 7. oktober som varamann for Johan Lysholm. Han representerte Trondheim på Stortinget 1833-37 og 1842. I 1833 var han president i Lagtinget, på dei seinare tingsamlingane var han medlem i same. Elles var han formann i bankkomiteen 1833, 1836 og 1842. Også medlem av kriminallovkomiteen i 1833, 1836 og 1836-37, samt formann i skysskomiteen 1842. I 1836 var han medlem av riksretten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]