Jacob Vidnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacob Vidnes
Jacob Vidnes.jpg
Fødd5. november 1875
Vanylven
Død4. oktober 1940 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, journalist, redaktør, fagforeiningsleiar
Utdanna vedVolda lærarhøgskule

Jacob Laurentius Vidnes (fødd 1875 i Vanylven, daud oktober 1940) var ein norsk journalist, redaktør og politikar for Arbeidarpartiet. Han var redaktør av Social-Demokraten mellom 1912 og 1918, men hadde alt starta som journalist i 1899.

I 1919 vart han sjef for Utanriksdepartemenstets pressekontor. Han var ein av stiftarane av Noregs Socialdemokratiske Ungdomsforbund i 1903, og dessutan redaktør i tidsskriftet Det tyvende århundrede i 1904. Under felttoget i Noreg i 1940 slutta Vidnes seg til regjeringa etter å ha gått på ski gjennom Nordmarka saman med kona si. Han følgde så regjeringa vidare under felttoget i Noreg.[1] Seinare blei han med regjeringa til Storbritannia der han heldt fram som leiar for Utenriksdepartementets pressekontor. Han starta òg og var redaktør for Norsk Tidend, presseorganet til den norske eksilregjeringa på utefronten under andre verdskrigen, frå 1940 til han døydde.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Halvdan Koht (1947). Frå skanse til skanse : minne frå krigsmånadene i Noreg. Oslo. s. 86. 
  2. Undersøkelseskommisjonen av 1945 (1948). Den Norske regjerings virksomhet fra 9. april 1940 til 22. juni 1945 : departementenes meldinger. 1 : Utenriksdepartementet, Regjeringens informasjonskontor, Kirkedepartementet, Justisdepartementet, Sosialdepartementet. Oslo Stortinget. s. 33. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk biografisk leksikon. B. 17 : Torp, Eivind-Vidnes