Jacobine Buch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacobine Buch
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. oktober 1843
Hammerfest kommune
Død

31. mars 1934 (90 år)

Yrke skribent, velgjerar
Far Hans Cato Aall

Jacobine «Bina» Buch (24. oktober 184331. mars 1934) var ein norsk forfattar og velgjerar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Jacobine Buch var dotter av prosten og politikaren Hans Cato Aall (1807–62, av slekta Aall) og Karen Nicoline Harris.[1] Ho vart gift den 2. mai 1864 i Holla med sokneprest Johan Ludvig Frithjof Buch (1831-1892).[2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Jacobine Buch voks opp som prestedotter i Brunlanes. Som 20 år gammal nygift prestefrue kom ho i 1864 til Værøy i Lofoten.[3] Opphaldet her vart av stor tyding for ho, og i 1880-åra skreiv ho to bøker om tilvera som prestefrue – Livet i Prestegaarden (1887) og Erindringer fra et syvaarigt Ophold paa en af Lofotøerne (1889). Bøkene hennar vart omsette til svensk, finsk og tysk.

Saman med Hedvig Bie og Marie Blegen skreiv ho småskriftet Nødraab frå Statskirken (1890).

Ho engasjerte seg i velgjerande arbeid for Frelsesarmeen, Dyrebeskyttelsen og innsette i fengsla i landet.[4]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1887: Livet i Prestegaarden – nogle velmente Alvorsord nærmest til Landets Prestefruer, Malling, Kristiania
  • 1889: Erindringer fra et syvaarigt Ophold paa en af Lofotøerne, Mittet, Kristiania

Omsette utgåver[endre | endre wikiteksten]

Livet i Prestegaarden:

  • 1900: Lifvet i prästgården (svensk)
  • 1903: Tärkeä kysymys (finsk)

Erindringer fra et syvaarigt Ophold paa en af Lofotøerne:

  • 1891: Wirken des heiligen Geistes auf den Lofoten-Inseln (tysk)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ministerialbok for Hammerfest prestegjeld 1843-1856 (2001Q): Fødte og døpte: 1844-02-07
  2. «Slægten Aall : Tillæg I», www.nb.no, henta 12. november 2021 
  3. «Kirkejubileum Værøy 1999», www.nb.no, henta 12. november 2021 
  4. «Livsblader : medmennesker jeg møtte», www.nb.no, henta 12. november 2021