Jacobine Gjertz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacobine Gjertz
Fødd13. juli 1819
FødestadOslo
Død1862 (42 år)
DødsstadParis
FødenamnJacobine Sofie Gjertz
OpphavNoreg
Instrumentpiano
Verka sommusikar, skribent, komponist

Jacobine Sofie (Marie) Gjertz (13. juli 18191862) var ein norsk pianist, komponist og forfattar.[1]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Jacobine Gjertz var dotter av by- og rådstueskrivaren i Christiania, Peter Gjertz, og kona hans Magdalene Elisabeth Hoff. Mora var syster av juristen og embetsmannen Hjalmar Balduin Gjertz (1823-1902) og tante til forfattaren Jacobine Marie Gjertz (1857-1946).

Jacobine Gjerts vart gift i USA i 1845 med den franske handelsmannen Gabriel Bernard. Ho kalla seg seinare Marie-Gabrielle Bernard-Gjertz. Dottera deira Marie Anne Thérèse Gabrielle Bernard-Gjertz vart gift med kunstmalaren Johannes Marius von Ditten.[2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Jacobine Gjertz demonstrerte tidleg ei gåve for klaverspel. Ho fekk musikkutdanning i København, der ho òg studerte musikkteori og komposisjon med komponisten og pedagogen Christoph Ernst Friedrich Weyse og Johan Peter Emilius Hartmann.

Våren 1840 gav Gjertz svært vellukka konsertar i Stockholm og København. Dette året uttalte Henrik Wergeland at ho allereie hadde overgått læremeistrane sine.

I 1841 drog ho til Paris på studiereise, der ho vart elev av Friedrich Kalkbrenner. På denne tida innlemma ho komposisjonar av Liszt og Chopin i det faste repertoaret sitt. I Frankrike lét ho seg inspirera av dei demokratiske og sosialistiske strøymingane i perioden som leidde opp til Februarrevolusjonen i 1848, og ho vart svært oppteken av likestilling mellom kjønna.

I 1843 reiste Gjertz til USA, der ho heldt konsertar i New York og Philadelphia. Der konverterte ho til katolisismen, og i 1845 gifta ho seg med den franske handelsmannen Gabriel Bernard, som hadde innvigd ho i denne religiøse læra. Ekteparet vende attende til Frankrike i 1846.

I 1851 reiste ekteparet Bernard-Gjertz til fødebyen hennar Christiania. Der framførte ho blant anna eigne komposisjonar under ein felles konsertaftan med Emma Dahl, som gjorde det same. Dette var både den første komposisjonskonserten og den første kvinnekonserten i Christiania.[3]

Paret vart likevel ikkje verande i Noreg, men vende tilbake til Paris via København og Brussel. Bernard døydde i Paris 1857, og Jacobine Gjertz vart sitjande åleine som enke med fire barn. Ho livnærte seg av klaverspelet, og dessutan ved å skriva artiklar om kunst og litteratur, der nokre av dei vart utgjevne som særtrykk. Dei siste leveåra sine skreiv ho òg fleire bøker. I romanen L'Enthousiasme frå 1861 er handlinga lagt til Christiania.

Komposisjonar i utval[endre | endre wikiteksten]

  • La fée mignonne (etyde)
  • Souvenir du Canada (etyde)
  • Le carnaval de Venise (fantasi)
  • L'Annonciation (konsertstykke for klaver)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1857: Du Rhytme (særtrykk)
  • 1859: De la Musique (særtrykk)
  • 1859: La musique au point de vue moral et religieux
  • 1861: L'Enthousiasme (roman)
  • 1863: Gabrielle (roman, utgitt posthumt)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Norway Baptisms, 1634-1927", database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4YZ-3NP : 25 January 2020), 1819.
  2. Finne-Grønn, S.H. (1911). Mecklenburgsk-uradelige æt v. Ditten. s. 13. 
  3. Norges musikkhistorie. Aschehoug. 2000. s. 200. ISBN 8203221726. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]