Jacopo Bassano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett
Sau og lam, ca 1560
Dyra går ombord i Noas ark, ca 1570

Jacopo Bassano, tidlegare Jacopo da Ponte (ca 151013. februar 1592) var ein italiensk målar, fødd og død i Bassano del Grappa. Han måla for det meste landskap og sjangerscener. Jacopo Bassano var den mest kjende av målarslekt som tok namn etter heimbyen Bassano, ein by 65 km nordvest for Venezia.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå ein periode i 1530-åra, då han gjekk i lære hos Bonifazio Veronese i Venezia, arbeidde Jacopo heile livet i Bassano. Faren Francesco den eldre (ca. 1475–1539) var landsbymålar. Trass i at Jacopo vart påverka av samtidige etsingar av manieristen Parmigianino, beheldt han noko av bondemålaren i seg livet ut. Han fylgde likevel nøye med i utviklinga av måleriet, og lånte trekk og detaljar i sine portrett frå andre samtidige, til dømes verk av Lorenzo Lotto. Pionerar i låndskapsmåleri og etsinger som Albrecht Dürer, Rafael og Parmigianino spela ei avgjerande rolle for Bassanos stil.

Bassano lærte mykje om chiaroscuro og den ødsle fargebruken i den venetianske kunsten av å studere Tizian. Han viser stor uttrykkskraft og evne til å lansere nye idear om komposisjon. Han studerte trykk av Rafael] og utviklinga av manierismen. I sine tidlegaste manieristiske arbeid nytta han langstrakte figurar og strålande farger. På 1540-talet eksperimenterte han ved å la figurane sine innta tvungne positurar og unaturlege stillingar. Gjennom denne fasen vaks fram ein særeigen, personleg stil der han assimilerte nye idear og forvandla dei til kunst med ei sterk formidlande kraft. Hans folkelege realisme bygde på ein uvanleg bruk av lys og kjenneteikna av naturtru figurar og detaljar i bileta, særleg i framstillinga av dyr.

Den lokale smaken kravde at måleria avbilda røynda, og Jacopo Bassano henta inspirasjon frå daglegdagse hendingar i livet på landet og trekk ved naturen som han studerte i hjembyen. Han vart ein anerkjend målar, midt på 1500-talet var han ein av dei i Veneto som påverka andre målarar mest.

Han kom i aukande grad til å nytte seg av religiøse og filosofiske emne. Samstundes vart uttrykket meir storslagent og dramatisk. Det byrja med altartavler i Bassano, Treviso, Padova og Belluno) rundt 1550. Han handsama bibelske emne på same måten som motiva han hadde omkring seg. På det viset bidrog han til å framelske smaken for bilete der eit element av stilleben fekk større vekt enn det religiøse temaet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!