Jacques Hébert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jacques-René Hébert)
Jacques Hébert

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. november 1757
Alençon
Død

24. mars 1794 (36 år)
Paris

Yrke journalist, politikar, redaktør, skribent
Språk fransk
Politisk parti Cordelierklubben
Jacques Hébert på Commons

Jacques René Hébert, kjend under pseudonymet Père Duchesne (15. november 175724. mars 1794) var ein fransk avissmann og politikar.

Hébert søkte med sine temmeleg grovkorna artiklar i det folkelege bladet Le Père Duchesne å føre ordet for underklassen mot den hata kongemakta i Frankrike under den franske revolusjonen. Hébert, som i cordelierklubben leidde venstrefløya, dei såkalla hébertistane, hadde ei tid stor innverknad på den folkelege opinionen, særleg sansculottane.

Etter å ha kritisert Maximilien Robespierre i skarpe ordelag og freista vende den folkelege opinionen mot han, vart Hébert giljotinert våren 1794.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia.