Jacques Cassini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacques Cassini
Jacques Cassini.jpg
Jacques Cassini
Fødd 18. februar 1677(1677-02-18)
Paris-observatoriet
Død 16. april 1756 (79 år)
Thury
Nasjonalitet Frankrike
Område Astronomi
Yrke astronom
Institusjonar Parisobservatoriet
Alma mater Collège des Quatre-Nations
Doktorgradsrettleiar Pierre Varignon
Barn César-François Cassini de Thury
Medlem Royal Society
Det franske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Jacques Cassini (18. februar 167716. april 1756) var ein fransk astronom og landmålar som var son av den kjende italienske astronomen Giovanni Domenico Cassini.

Han etterfølgde i 1712 faren sin som leiar for det astronomiske observatoriet i Paris. I 1718 fullførde han arbeidde med å måla ein meridianboge gjennom Frankrike mellom Dunkerque og Perpignan, som var påbyrja av Jean Picard i 1669 . Arbeidet vart presentert i verket De la grandeur et de la figure de la terre (1720). Picard fann at meridianbogen var kortare i nord enn i sør, og trekte den konklusjonen at jorda var flattrykt ved ekvator. Dette var i strid med utrekningane fysikarar hadde gjort av forma til jorda, og utløyste ein langvarig strid mellom forskingsmiljø i Frankrike og England. Striden vart først lagt død fleire tiår seinare (i Cassinis disfavør) etter gjentekne måleseriar, mellom anna i Equador og svensk Lappland.

Blant Cassini sine astronomiske studiar kan nemnast Éléments d’astronomie (1740) og Tables astronomiques du soleil, de la lune, des planètes, des étoiles fixes et des moons de Jupiter et de Saturne (1740).

Asteroiden 24102 Jacquescassini er namnsett etter Jacques Cassini.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]