Jaén

Koordinatar: 37°46′N 3°47′W / 37.767°N 3.783°W / 37.767; -3.783
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jaen)
Jaén
Flagget til Jaén Byvåpenet til Jaén
Flagget til Jaén Byvåpenet til Jaén


Plassering
Jaén is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Andalucía
Provins Jaén
Borgarmeister Carmen Purificación Peñalver Pérez
Geografi
Flatevidd
 - By

422 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

117 540
  278,5 /km²
Koordinatar 37°46′N 3°47′W / 37.767°N 3.783°W / 37.767; -3.783
Høgd over havet 573 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 23001 - 23009
Telefon-retningsnummer 953

Jaén (arabisk جيان - Jayyān) er ein by sør i det sentrale Spania, og provinshovudstad i provinsen Jaén i Andalucía. Namnet kjem truleg frå det arabiske ordet Jayyan («caravanekryss»).

Innbyggjarane i byen vert kalla jiennenses og han har opp under 120 000 innbyggjarar, som er om lag ein sjettedel av innbyggjarane i provinsen.

Dei siste åra har Jaén opplevd ein stor auke i kulturell turisme. Jaén er òg kjend som «verdshovudstaden for olivenolje» fordi han er den største produsenten av dette produktet. Jaén består av bratte, smale gater og er avgrensa av åsane han ligg rundt.

Jaén er det administrative og industrielle senteret i provinsen. Av industri byen finn ein kjemiske fabrikkar, garveri, distilleri, kjeksfabrikkar og tekstilfabrikkar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jaén

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Spania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.