Jagger/Richards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jagger/Richards er eit låtskrivarpartnarskap som består av Mick Jagger og Keith Richards, og som har skrive dei fleste songane til The Rolling Stones.

I tillegg til at dei var eit låtskrivarpartnarskap, har dei òg produserte eller medproduserte fleire Rolling Stones-album under psevdonymet The Glimmer Twins.

Manageren deira Andrew Loog Oldham ønskte at dei skulle starte å skrive eigne songar etter at dei hovudsakleg spelte andre sine songar. Den første songen dei skreiv var «As Tears Go By», som dei så gav til Marianne Faithfull. Den første songen dei skreiv som vart gjeven ut som A-side for Rolling Stones var «Tell Me (You’re Coming Back)», frå debutalbumet deira. Songen kom berre ut i USA, der han nådde 24. plass på lista der. Den første sjølvskrivne singelen deira i Storbritannia var «The Last Time» som kom ut i februar 1965.

Sjølv om dei fleste songane tilskriven Jagger/Richards var samarbeid, var nokre av songane som var tilskriven partnarskapet, var somme songar i praksis skrivne aleine, som Jagger med «Sympathy for the Devil» og «Brown Sugar» og Richards med «Happy» og «Before They Make Me Run». Dette er mykje likt partnarskapet Lennon/McCartney, der songane deira òg var skriven i lag eller nærast kvar for seg.

Ofte har Jagger fokusert på teksten, medan Richards har fokusert på musikken, særleg dei første åra, medan dette har jamna seg meir ut dei siste åra.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ian McPherson. Jagger/Richards: Songwriters Part I.