Jahn-Arill Skogholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jahn-Arill Skogholt
Nasjonalitet Norsk
Fødd 30. desember 1943
Storfjell
Død

19. april 2007 (63 år)

Ektefelle Liv Marie Austrem

Fordi eg vil bu utmed havet
og fiske min eigen fisk,
så er eg ei bør for dei mange
som kjøper alt over disk

Dei har ein gud som dei kallar
for nasjonalprodukt
Og han likar olje og bilar
betre enn fisk og frukt.

«Song frå ein utkant»
Kor e hammaren, Edvard?

Jahn-Arill Skogholt (30. desember 194319. april 2007) var ein norsk forfattar frå Storfjell i Vågan kommune. Han er mest kjend for visa «Bygdevisa» betre kjent som «Kor e hammaren, Edvard». Han skreiv alt frå viser og dikt til biografiar og fantasyromanar.

Skogholt var utdanna cand.mag. med faga statsvitskap, offentleg rett og offentleg administrasjon. Han var skrivar i Noregs Mållag i 1971-1973, og arbeidde elles mellom anna som kultursekretær i Vestvågøy kommune.[1]

Han fekk Blix-prisen i 1987.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • Ein skolemålsstrid i Bygde-Norge saman med Andreas Hompland (1974)
  • Kvinnfolk i Lofoten saman med Liv Marie Austrem(1987)
  • Eivind Bolle : lofotfiskar ved kongens bord (1993)

Skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kor er hammaren, Edvard? : ein distriktspolitisk pamflett (viser og songar, 1977)
  • I havherrens land (roman, 1987)
  • Grågud og Kvitekrist (roman, 1999)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnar Mikkelsen, red. (1982). «Jahn-Arill Skogholt». Ei heil vøa : nordnorsk samtidslitteratur i utvalg. Stonglandseidet: Nordnorsk magasin/Nordnorsk forfatterlag. s. 268. ISBN 8290352050. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]