Jailbreak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jailbreak
Studioalbum av Thin Lizzy
Språk engelsk
Utgjeve 26. mars 1976
Innspelt Desember 1975 – februar 1976
Studio Ramport Studios i London i Storbritannia
Sjanger
Lengd 36:15
Selskap Vertigo
Mercury (US only)
Produsent John Alcock
Thin Lizzy-kronologi 
Fighting
(1975)
Jailbreak Johnny the Fox
(1976)


Jailbreak er det sjette studioalbumet til det irske hardrockbandet Thin Lizzy. Det vart gitt ut 26. mars 1976 av Vertigo Records. Albumet viste seg å bli det kommersielle gjennombrotet til bandet i USA, og det einaste Thin Lizzy-albumet med ei sertifisering (i dette tilfellet gull) i det landet. Singlane frå albumet inkluderer «Jailbreak» og «The Boys Are Back in Town». Sistnemnde er den største amerikanske hitten til Thin Lizzy, og vann i 1976 NME-prisen for beste singel.[1]

Komposisjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter at dei to tidlegare albuma, Nightlife og Fighting, selde dårleg, fekk Thin Lizzy ein siste sjanse av plateselskapet sitt, Vertigo Records. Bandet skreiv songar og samla idear i eit studio i Buckinghamshire i slutten av 1975, og møttest deretter i Ramport Studios i London på nyåret. Dei valde John Alcock som produsent, for han hadde jobba mykje i studio. Bandet jobba flittig gjennom februar på albumet. Gitaristane Scott Gorham og Brian Robertson meinte likevel at farten det vart ferdigstilt i gjekk ut over kvaliteten. Begge uttalte at tettleiken av songane gjorde at albumet kjendest stivt. Spesielt sa Robertson at han ville ha ønskt meir fridom til å improvisera sologitarpartia sine. Gorham kritiserte òg produksjonen til Alcock, og sa at han ikkje brydde seg spesielt om gitartonen hans på albumet.[2]

«Då eg skreiv 'Warriors'...» noterte frontmann og låtskrivar Phil Lynott i 1976, «den einaste måten eg kunne gi noka kjensle av tunge stoffbrukarar var ved å skildre dei som krigarar; at dei faktisk går ut og gjer det. Folk som Hendrix og Duane Allman var fullstendig klar over kva situasjon dei hamna i. Dei vart ikkje langsamt avhengig. Dei vart ikkje sakte hekta. Det var ei medviten avgjerd om å gå ut og ta greia så langt ho kunne gå.»[3]

Opphavleg vart songen «Running Back» vald som singel framfor «The Boys Are Back in Town», då sistnemnde vart sett på som kanskje for aggressiv for enkelte radiostasjonar å spela. Lynott og produsent John Alcock bestemde seg for å henta inn studiomusikarar for å leggja til meir kommersielle element på nokre av spora og prøva og produsera ein hitsingel, så Tim Hinkley vart henta inn for å leggja til klaverinstrument på «Running Back».[4] Robertson var imot ideen, då han likte songen slik den opphavleg var arrangert, i eit bluesformat med hans eigne tillegg av piano og bottleneck-gitar. Han sa seinare: «Eg vart enormt fornærma over endringane. Eg kunne ikkje forstå kvifor dei ville betala denne fyren ein formue berre for å spela det han gjorde. Høyr på det og fortel meg at det ikkje berre er sprøyt.»[4] Robertson spelte ikkje på den ferdige versjonen av songen og Hinkley er ikkje kreditert på plateomslaget. Lynott sa på den tida at «Running Back» var «veldig påverka av Van Morrison. Eg likar verkeleg den songen.»[4] Hinkley hugsa seinare: «Robbo og Scott var ikkje særleg imponerte av han i det heile, men dei vart begge nedstemt.»[5] Trettifem år seinare spelte Robertson inn sine eigne versjonar av songen i 2011 på albumet hans Diamonds and Dirt.

Scott Gorham avslørte òg at «Romeo and the Lonely Girl» òg vart teken opp som eit alternativ for ein singel, men vart til slutt forkasta, sidan «ingen var overbegeistra for han.»[2]

Turné[endre | endre wikiteksten]

Under turneen for å promotera albumet i USA, vart Lynott ramma av hepatitt. Til slutt bestemde turnéleiinga seg for å avlysa dei resterande konsertane for å gi han tid til å komma seg.[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[6]
Christgau's Record GuideB−[7]
Classic Rock8/10 stars[8]
Collector's Guide to Heavy Metal9/10[9]
Pitchfork9.1/10[10]

Village Voice-kritikaren Robert Christgau samanlikna songane på albumet som Bruce Springsteen-avleggjarar, og fann dei lyriske ideane til Lynott «keisame» og Gorham sine gitarlinjer «brukte».[11] Stuart Bailie i magasinet Classic Rock refererte tilbake til vurderinga til Christgau, og skreiv at både Springsteen og Lynott «stod i gjeld til Van Morrison og hans keltiske sjel», og noterte at på Jailbreak «kom dei beste eigenskapane til Lynott sterkt fram.»[8]

I ei retrospektiv vurdering for AllMusic skildra Stephen Thomas Erlewine Jailbreak som eit «verkeleg eksepsjonelt album», med «ein dimensjon av rikdom som held stand, men det er ein slik kinetisk energi i bandet at det framleis høyrest omgåande ut same kor mange gonger det blir spelt». Han framhevar songane til Lynott som «kjærleg blømande ... proppfulle av detaljar og overfylt med liv», og seier at gitararbeidet til Gorham og Robertson er «samanfletta, dobbelt gitarspel som var ein av dei mest karakteristiske lydane i 70-talsrocken».[6] I meldinga si skildra Martin Popoff Jailbreak som «det siste albumet til bandet der eklektisisme veg opp for dei samanhengande signala», noko som gjorde seinare utgivingar «mykje meir singulære i intensjonen». Han rosa «Gorham og Robertson sin skarpaste metall til dags dato» og noterte korleis albumet er laga av «ei rekkje songar som veldig ofte trefte dei same emosjonelle hjartestrengene til Springsteen.»[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Jailbreak»Phil Lynott4:01
2.«Angel from the Coast»Phil Lynott, Brian Robertson3:03
3.«Running Back»Lynott3:13
4.«Romeo and the Lonely Girl»Lynott3:55
5.«Warriors»Lynott, Scott Gorham4:09
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«The Boys Are Back in Town»Lynott4:27
7.«Fight or Fall»Lynott3:45
8.«Cowboy Song»Lynott, Brian Downey5:16
9.«Emerald»Gorham, Robertson, Downey, Lynott4:03

På Mercury CD-utgivinga frå 1996 er «Angel from the Coast» og «Running Back» oppført som det andre sporet med berre éi speletid, slik at det ser ut til å vera ein enkelt song kalla «Angel from the Coast Running Back», og det er ikkje oppført noko tredje spor. Alle songane er likevel i same rekkjefølgje som på den originale LP-utgivinga.

Ommastra utgåve[endre | endre wikiteksten]

Den 24. januar 2011 vart ei ny ommastra og utvida versjon av Jailbreak gitt ut. Denne nye utgåva er ei dobbelplate, med det originale albumet på plate éin, og bonusmateriale på plate to. På den originale vinylutgivinga av albumet inkluderte baksideteksten ei novelle, som òg er trykt på nokre utgåver av den nye luksusutgåva.

Sporlista på baksida av den første utgivinga var likevel feil, og lista berre ti songar, medan den faktiske CD-en inneheld elleve spor. Songane er heller ikkje i rett rekkjefølgje. Sporlista vart korrigert på seinare versjonar av utgivinga.

Berre bonusmaterialet på plate to vart ommastra i 2010 (trass i det som står på baksida av CD-heftet). Plate éin bruker same nye master som 1996-utgåva. Nye ommastringar vart laga, men skrota i siste liten før utgivinga, av ukjende årsaker.

Plate to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Boys Are Back in Town» (remiksa versjon) 4:34
2.«Jailbreak» (remiksa versjon) 4:13
3.«The Boys Are Back in Town» (alternativ vokal - remiksa versjon) 4:32
4.«Emerald» (remiksa versjon) 4:08
5.«Jailbreak» (BBC Session, 12. februar 1976) 4:04
6.«Emerald» (BBC Session, 12. februar 1976) 3:57
7.«Cowboy Song» (BBC Session, 12. februar 1976) 5:13
8.«Warriors» (BBC Session, 12. februar 1976) 3:56
9.«Fight or Fall» (utvida versjon – uferdig miks) 5:21
10.«Blues Boy» (ikkje-tidlegare utgjeve studiospor)Lynott4:38
11.«Derby Blues» (tidleg konertopptak av «Cowboy Song» spelt inn 11. februar 1975)Lynott, Downey6:51
Total lengd:51:27

Singlar[endre | endre wikiteksten]

«The Boys are Back in Town» / «Emerald» - 17. april 1976. Nokre land, inkludert USA og Canada, hadde «Jailbreak» som B-sida. «Jailbreak» / «Running Back» - 30. juli 1976 «Cowboy Song» / «Angel from the Coast» (berre Canada og USA).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Thin Lizzy
Andre medverkande
Produksjon
  • John Alcock – produsent
  • Will Reid Dick – lydteknikar
  • Neil Hornby – assisterande lydteknikar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[12] 51
Canada Top Albums/CDs (RPM)[13] 5
Svenske album (Sverigetopplistan)[14] 21
Britiske album (OCC)[15] 10
US Billboard 200[16] 18

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
UK Albums (OCC)[17] 36

Singles[endre | endre wikiteksten]

The Boys Are Back in Town

Liste (1976) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[18] 8
Irland (IRMA)[19] 1
UK Singles (Official Charts Company)[20] 8
US Billboard Hot 100[21] 12

Jailbreak

Liste (1976) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[22] 31

Cowboy Song

Liste (1976) Plassering
US Billboard Hot 100[21] 77

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[23] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[24] Gull 100 000^
USA (RIAA)[25] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «NME Awards History: 1976». NME. 28. februar 1976. Henta 3. mars 2018. 
  2. 2,0 2,1 Oliver, Derek (2011). Jailbreak (CD Booklet). Thin Lizzy. Santa Monica, CA: Universal Music Group. B0015199-02. 
  3. Salewicz, Chris (februar 2016). «The hardest time I ever had was in England...». Classic Rock (219 utg.): 53. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Byrne, Alan (2006). Thin Lizzy: Soldiers of Fortune. London, UK: SAF Publishing. s. 87–94. ISBN 978-0946719815. 
  5. Byrne, Alan (2015). «Bad Reputation». Are You Ready?: Thin Lizzy: Album by Album. Soundcheck Books. s. 92. ISBN 978-0992948085. Henta 3. mars 2018. 
  6. 6,0 6,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Thin Lizzy - Jailbreak review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 22. april 2023. 
  7. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: T». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 16. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  8. 8,0 8,1 Bailie, Stuart (February 2011). «Thin Lizzy - Reissues». Classic Rock (154): 88. 
  9. 9,0 9,1 Popoff, Martin (October 2003). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 1: The Seventies. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 278–279. ISBN 978-1894959025. 
  10. Sartini Garner, Marty (23. april 2023). «Thin Lizzy: Jailbreak». Pitchfork. Henta 23. april 2023. 
  11. Christgau, Robert. «Consumer Guide Reviews: Jailbreak». Robert Christgau.com. Henta 22. april 2023. 
  12. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 19. ISBN 0-646-11917-6. 
  13. "Top RPM Albums: Nummer 4283a". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 23. april 2023.
  14. "Thin Lizzy – Jailbreak". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  15. "Thin Lizzy | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  16. "Thin Lizzy Album & Song Chart History" Billboard 200 for Thin Lizzy. Prometheus Global Media. Henta 23. april 2023.
  17. «Top 50 Albums of 1976» (PDF). Music Week: 14. 25. desember 1976. Arkivert frå originalen (PDF) 9. mars 2021. Henta 23. april 2023 – via worldradiohistory.com. 
  18. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  19. "The Irish Charts – Search Results – The Boys Are Back in Town". Irish Singles Chart.
  20. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  21. 21,0 21,1 "Lizzy?f=379&g=Singles Thin Lizzy Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Thin Lizzy. Prometheus Global Media.
  22. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  23. «Canadian album salstrofé – Thin Lizzy – Jailbreak». Music Canada. 
  24. «British album salstrofé – Saxon – Wheels of Steel». British Phonographic Industry.  Enter Wheels of Steel in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  25. «American album salstrofé – Thin Lizzy – Jailbreak». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH