Jakob A. Lothe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakob A. Lothe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. november 1881
Lote
Død

17. juni 1975 (93 år)
Lote

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Jakob Mathias Antonsson Lothe (14. november 188117. juni 1975) var ein norsk skulemann, gardbrukar og politikar frå Lote i dåverande Gloppen, i dag i Eid kommune. Han var stortingsrepresentant for partiet Venstre 1925-27 og 1931-53.

Lothe vart uteksaminert frå Volda lærarskule i 1901, og var så eitt år lærar i Leikanger. Frå 1902 var han lærar rundt om i Gloppen herad, mellom anna på Gloppen folke- og framhaldsskule. I tillegg underviste han i mellomskulen på Sandane. Åra 1916-28 var han medlem av heradsstyret. I 1925 tok han over farsgarden på Lote og dreiv garden jamsides læraryrket til 1940. Han slutta formelt i skulen i 1949.

Perioden 1925-27 var Lothe vald inn på Stortinget for Venstre frå Sogn og Fjordane. Han stilte til val hausten 1927, men nådde ikkje heilt opp og vart vararepresentant. Etter representanten Per Hestetun omkom hausten 1928, møtte Lothe på Stortinget både i 1929 og 1930. Ved stortingsvalet hausten 1930 vart Lothe sikra plass for ein ny periode, ein plass han beheldt til 1953. På Stortinget var han formann i Kyrkje- og undervisningskomiteen frå 1934 til 1953. Frå 1945 til -51 var han parlamentarisk leiar i Venstre. Elles var han lagtingspresident og medlem i både Fullmaktskomiteen og Valkomiteen i alle sesjonane han var tingmann etter 2. verdskrigen.

Lothe var også aktiv i fråhaldsrørsla og i mållagsarbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]