Jakob Aano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakob Aano
Fødd10. april 1920
Sauda kommune
Død10. februar 2016 (95 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, misjonær
BarnKjetil Aano
Alle verv

Jakob Aano (10. april 192010. februar 2016) var ein norsk skulemann og politikar frå Sauda, som representerte Kristeleg FolkepartiStortinget frå 1965 til 1985.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Aano var son til ein bakar i Sauda. Sjølv tok han utdanning ved Universitetet i Oslo, utdanna cand.philol. i 1948. Frå 1949 til 1958 var han skulestyrar ved Sand realskule i Ryfylke. Deretter arbeidde han i åra 1959-63 på ein misjonsskule i Tanzania, før han i 1964-65 var lektor ved St. Svithuns skole i Stavanger.

Hausten 1965 vart Aano vald inn på Stortinget for Kristeleg Folkeparti og Rogaland fylke. Fram til 1977 hadde han plass i Kyrkje- og undervisninsgkomiteen. Valbolken 1977-81 var han medlem av Utanrikskomiteen, medan han frå hausten 1981 til 16. juni 1983 var medlem av Forsvarskomiteen. Sidan var han formann i Utanrikskomiteen til dess han forlet Stortinget i 1985. 1983-85 var han elles nestformann i Kristeleg Folkeparti.

Erfaringane frå misjonsarbeidet førte til at Aaano var meir oppteken av utanriksspørsmål, enn det som var vanleg i partiet. Han var mellom anna oppteken av utviklingspolitikk som kunne gagne fattige land og menneske. Under debatten om norsk medlemsskap i EF (det Europeiske Fellesskap) i 1972, gjekk han inn for at Noreg skulle melde seg inn i EF, eit standpunkt som braut med partilinja. I 1980-åra engasjerte han seg mot apartheid-regimet i Sør-Afrika.

Aano skreiv og redigerte fleire bøker i 1980-90-åra, mellom andre hans eigne memoarar frå 1991: Over alle grenser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]