Jakob E. Øye
Jakob Eliasson Øye (20. februar 1921–7. februar 2008) var ein norsk gardbrukar på Øye i Hjørundfjord. Han var ordførar 1960–63 i dåverande Hjørundfjord kommune og 1968–73 i Ørsta kommune.
Jakob E. Øye fekk skøyte på småbruket Utsikten på Øye då han var 16 år gammal. Han dreiv dette bruket i femti år. Etter ein skulevinter på Møre Folkehøgskule i 1938/39, bygde han drivhus og styrte med hagebruk og jordbruk til 1952. Hest kom på småbruket i 1945 og traktor i 1958. Frå 1952 kombinerte han bufe-haldet med grisehald.
Frå 1945 var Øye fast medlem i Hjørundfjord heradsstyre. Siste valperioden, 1960-63, var han ordførar i Hjørundfjord. Ettersom samferdsla i heradet låg langt tilbake for det meste av Sunnmøre, kom det til å vere ei hovudoppgåve for han som medlem av heradsstyret og ordførar. Betre helsestell og andre sosiale spørsmål opptok han også. I hans tid som ordførar i Hjørundfjord var kommunemøta prega av nøysemd, representantane hadde med eiga niste. Perioden 1964-67 var han varaordførar i den nydanna Ørsta kommune. I den neste valbolken, 1968-71, var han ordførar i Ørsta. Og dei to fyrste åra av valperioden 1972-75 heldt han fram som ordførar. Åra 1974-75 overlet han ordførarstolen til partikollegaen Karstein Standal. Øye var medlem i Senterpartiet.
Jakob E. Øye var gift med Liv Hole og far til fire born.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Hjørundfjordboka. Band II. Gard og ætt, s. 255f. 1988.