Jakob Hanssen Holstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakob Hanssen Holstad
Fødd 1800
Vestby
Død

9. juli 1864

Yrke bonde, politikar

Jakob Hanssen Holstad (18009. juli 1864) var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Vestby i Akershus.

Han var son til ein lensmann. Sjølv var han gardbrukar i Ås i Akershus. Der var han medlem av heradsstyret, ei tid ordførar.

Holstad representerte Akershus amtStortinget 1836-37 og 1848-64. Han var både i 1836 og på omframstortinget 1836-37 medlem av næringskomite nr 1. I 1848 var han medlem av næringskomite nr 2, 1851 av jarnbanekomiteen og desisjonskomiteen, 1854 og 1857 av Lagtinget og tollkomiteen, Også 1859-60 og 1862-63 var han medlem av Lagtinget og tollkomiteen, i 1863 også av jarnbanekomiteen. På omframstortinget 1858 var han medlem av Lagtinget og komiteen om mursteinstoll, medan han på omframstortinget 1864 var medlem av Lagtinget og komiteen om løn til hæren. Han var i 1860 medlem av Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Stockholm, og i 1864 av både deputasjonen til Eidsvoll 17. mai og til Stockholm 4. november.

Han døydde på garden Ris i Nordby sokn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914