Jakob J. Anderssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakob J. Anderssen
Fødd 2. mai 1850

Brevik

Død 19. oktober 1921
Parti Venstre

Jakob Jenssen Anderssen (fødd 2. mai 1850) var ein prest og stortingsmann frå Brevik i Telemark. På tinget representerte han Venstre.

Anderssen var son til ein skipper. Sjølv gjekk han Kristiania katedralskole der han vart student i 1870. 1871-72 var han huslærar i Storelvdal, år 1875 vart han cand. theol. Deretter var han ei tid lærar ved skular i hovudstaden, før han vart stiftskapellan i Troms i 1877. Frå 1879 var han sokneprest i Ofoten heilt fram til 1908, då han vart utnemnd til prost i Nordre Salten.

Anderssen var medlem av heradsstyret 1881-1910, ordførar 1884-1910. Han var med i forlikskommisjonen frå 1881, ei tid formann i amtsskulestyret. Frå opninga av Ofotbanen i 1902 var han formann i tilsynskommisjonen for bana. I 1906 var han Nordland amt sin utsending til kroninga av den nye kongen i Trondheim.

Valbolken 1886-88 var Anderssen 1. varamann til Stortinget frå Nordland. 1887-sesjonen møtte han frå 18. juni i staden for Carl Ellingsen, 1888 frå 15. mars i staden for Christian Havig. I 1887 var han medlem av tollkomiteen, året etter av jarnbanekomiteen. Perioden 1900-03 var han amtet sin 3. representant, sat då i kyrkjekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]