Jakob Krefting Bonnevie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakob Krefting Bonnevie
Fødd 15. april 1814
Borre
Død

17. oktober 1881

Yrke embetsmann, politikar

Jakob Krefting Bonnevie (15. april 181417. oktober 1881) var ein norsk embetsmann, stiftamtmann og amtmann i Lister og Mandals amt frå 1871 til han døydde.

Bonnevie var fødd på storgarden Falkensten, ein såkalla herregard i Borre i dagens Vestfold, der faren sat proprietær. Sjølv vart han student frå katedralskulen i Christiania i 1831, og cand.jur. på universitetet i same byen.

Frå 1837 arbeidde Bonnevie i kyrkjedepartementet, fyrst som kopist, seinare fullmektig og frå 1841 byråsjef. I 1856 fekk han stilling som «2den raadmand» i Bergen. Fem år seinare flytta til Kristiansand, der han var borgarmeister i ti år. År 1871 tok han over embetet som stiftmann i Kristiansand og amtmann i Lister og Mandal, posisjonar han sat i til han døydde i 1881.

Bonnevie var i 1844 sekretær i komiteen som kom med framlegg om dissenterlova. Han var fleire gongar aktuell til stortingsplass, både ved valtinget 1856 i Bergen, og valtinga 1858, 1864, 1867 i Kristiansand, men hamna alle gongane på varamannsplassar. Valperiodane 1871-73 og 1874-76 vart han derimot kåra til stortingsrepresentant for Kristiansand. Alle seks tingsesjonane var han medlem i Protokollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]