Jakob Løvø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakob Løvø
Fødd16. februar 1845
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar

Jakob Olsson Løvø (16. februar 184520. februar 1929) var ein norsk gardbrukar, lensmann, bankmann og stortingsmann frå KornstadNordmøre. På tinget representerte han Venstre.

Løvø var gardbrukar på farsgarden frå 1870 til 1897. I tillegg dreiv han fiske og 20 år ein landhandel. Frå 1897 var han lensmann i Kvernes.

Løvø var 5. representant frå Romsdals amtStortinget 1886-88. Han var medlem av næringskomite nr 1. Tida 1892-97 var Løvø ordførar i Kornstad. Også medlem av forlikskommisjonen. Åra 1897-1905 var han sparebankdirektør i Kvernes. Då Bremsnes Sparebank vart oppretta i 1908 gjekk han inn som direktør der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914