Jakob Persson Bjørkedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakob Persson Bjørkedal
Fødd 12. november 1770
Volda
Død

25. juli 1843

Yrke bonde, politikar

Jakob Persson Bjørkedal (12. november 177025. juli 1843) var ein norsk gardbrukar, båtbyggjar og stortingsmann frå Bjørkedalen i Volda. Han var son til Per Jakobsson Bjørkedal.

Bjørkedal var fødd i Søre-Bjørkedal i Volda. I yngre år var han omgangsskulelærar. Han tok over farsgarden kring 1805 og dreiv denne til eldste sonen tok over i 1832. Til liks med far sin var han båtbyggjar, dreiv også mange år fiskje som styresmann på sjølvbygd sunnmørsåttring. På førespurnad frå stiftsamtmannenIsland sende han ein båtmodell av eit fjørefar, med byggerettleiing.

Frå hausten 1814 var Bjørkedal valmann i mange år. Sjølv representerte han Romsdals amtStortinget i 1815-16 og i 1818. I 1815-16 var han medlem av komiteen om land-, skog- og bergvesen, medan han i 1818 var medlem av ni komitear. Mellom desse var komiteen om kjøpstadsrett for Ålesund, sal av prestegardsinnbo, geistlege embetsmenn løn og om bergverkslova. Han var medlem av deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Trondheim i 1818.

Han døydde i Søre-Bjørkedal i 1843.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Årviknes, Per:Volda-soga III. Volda, 1973