Jakob Remseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakob Remseth
Fødd 5. oktober 1897
Død

4. mai 1969

Yrke politikar

Jakob Martinus Remseth (5. oktober 18974. mai 1969) var ein norsk arbeidar og politikar, fødd i Dønnes og busett i Sauda. Han var stortingsrepresentant for valkrinsen Rogaland og Arbeidarpartiet i tida 1945 til 1965.

Remseth var son til ein gruve- og industriarbeidar, og voks mykje opp på Båsmoen i Mo i Rana. Seksten år gammal byrja han å arbeide i Båsmoen gruver, eit yrke han hadde til 1926, og som han kombinerte med arbeid på samvirkelaget i dei periodane gruvedrifta var redusert. I 1926 flytta han til Sauda og var dei neste 19 åra fabrikkarbeidar ved Electric Furnace Products Co. Ltd. i Sauda.

Remseth var medlem i heradsstyret i Sauda frå 1931 til 1955. Han var ordførar 1937-41, då han vart avsett av okkupasjonsstyret, og på ny frå 1945 til -51.

Hausten 1945 vart Remseth vald inn på Stortinget frå Rogaland, og sidan attvald fire gongar. Han var medlem 1945-49 i Sosialkomiteen og frå 1950 i Kommunalkomiteen, formann i denne frå 7. februar 1963.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]