Jakob Stålsson Velle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakob Stålsson Velle

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. april 1805
Beitstad
Død

14. juli 1877 (72 år)
Beitstad

Yrke politikar, bonde, lærar
Språk norsk

Jakob Stålsson Velle (Jacob Staalesen Velde) (18. april 180514. juli 1877) var ein norsk lærar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Beitstad i Nord-Trøndelag.

Velle var son av ein gardbrukar i Beitstad. Sjølv vart skulehaldar i omgangsskule frå 1821, frå 1831 til 1875 lærar i fastskule. Han kjøpte garden Nedre Velle i Beitstad og dreiv denne sidan.

Velle var medlem av det fyrste heradsstyret i Beitstad, han var ordførar i til saman 20 år i tida mellom 1837 og 1867. Han var forlikskommissær frå 1851 og i tida frå 1838 til 1876 var han valmann til alle stortingsval, på to nær.

Han vart sjølv kåra til stortingsmann for Nordre Trondhjems amt, og møtte på Stortinget 1848-54 og 1868-73. I 1848 var han medlem av desisjonskomiteen og adressekomiteen, heldt fram i desisjonskomiteen i 1851 og 1854. 1868-69 og 1871-73 var han medlem av Lagtinget og konstitusjonskomiteen, 1872-73 som sekretær i konstitusjonskomiteen.

Velle døydde 1877 på garden sin i Beitstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]