Jakob Sverdrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakob Sverdrup
Jakob Sverdrup.png
Fødd 27. mars 1845
Oslo
Død

11. juni 1899

Jakob Sverdrup på Commons

Jakob Liv Rosted Sverdrup (27. mars 184511. juni 1899) var ein teolog, prest, folkehøgskulestyrar, stortingsmann og statsråd for Venstre, frå 1888 for Moderate Venstre. Han vart fødd i Christiania. Harald U. Sverdrup var far hans, og Johan Sverdrup var onkelen. Jakob Sverdrup vart fødd på Leikanger, men voks opp i Balestrand.

Folkehøgskulestyrar og prest[endre | endre wikiteksten]

Sverdrup vart student frå Nissens skole i 1864 og cand. theol. i 1869. Etter studiar i Danmark vart han inspirert av folkehøgskuleideane til Grundtvig. I 1871 grunnla han Sogndal Folkehøgskule, som han leia fram til 1878. Hans folkehøgskule skilde seg frå den frilynde danske ved at den tok i bruk lærebøker, innførte religionsundervisning og hadde mindre leik i undervisninga.

Han var ordførar i Sogndal i 1878, same året utnemnd til sokneprest i Leikanger. Presten Jakob Sverdrup var teologisk konservativ. Han vart ein sentral person i det lågkyrkjelege kristenlivet på Vestlandet. Samstundes var han liberal og radikal i mange kyrkje- og livssynspørsmål. Sverdrup jobba aktivt for innføring av folkevalde sokneråd, fjerning av konfirmasjonstvangen, valfritt borgarleg ekteskap og auka rettsvern for dissentarar. Som ein reaksjon mot dei konservative i kyrkja skipa Sverdrup og Ole Vollan i 1877 bladet Ny Luthersk Kirketidende. Sverdrup stod ellles bak fleire omarbeidingar av katekismeforklaringa til far sin, Harald Ulrik Sverdrup.[1] Jakob Sverdrup var ordførar i Leikanger frå 1882.

Stortingsmann[endre | endre wikiteksten]

Jakob Sverdrup fylgde etter far sin då han vart innvald til Stortinget 1877-79 frå Nordre Bergenhus amt, grunna sjukdom møtte han fyrst i 1878. Han vart attvald til Stortinget i 1880 og 1883, og seinare i 1892 og 1895. I 1883-84 var han leiar av kyrkjekomitéen. Han vart den næraste rådgivaren til farbroren, Venstre-leiaren Johan Sverdrup. Mange av politiske motstandarar i Venstre meinte at han etterkvart fekk for mykje makt over sin aldrande onkel.[2]

Statsråd i Sverdrup-regjeringa[endre | endre wikiteksten]

Då Johan Sverdrup skulle danne Noregs fyrste parlamentariske regjering i 1884, ynskte han Jakob Sverdrup som kyrkje- og undervisningsminister. Han fekk sterk støtte frå moderate og lågkyrkjelege venstremenn på Sør- og Vestlandet, men kong Oscar II ville ikkje ha Jakob Sverdrup som kyrkjestatsråd. Han måtte difor nøye seg med ein ministerpost ved statsrådsavdelinga i Stockholm.

Sverdrup overtok likevel som kyrkjeminister etter Elias Blix 1. august 1885. Omgåande tok han til å arbeide for å få innføte kyrkjelydsråd, vart nedstemt etter hard kamp. Striden førte til at Blix i august 1886 kom tilbake som kyrkjestatsråd. Statsrådskollegaer kravde at Jakob Sverdrup måtte ut av regjeringa, men Johan Sverdrup verna brorsonen og sette han til sjef over Revisjonsdepartementet. Striden mellom Sverdrupane og andre regjeringsmedlemer førte til at Hans Rasmus Astrup, Birger Kildal, Sofus Arctander og Elias Blix i 1888 trekte seg frå regjeringa. Jakob Sverdrup tok då atter over Kyrkjedepartementet og leia det fram til Sverdrup-regjeringa gjekk av i juli 1889.

Moderate Venstre og statsråd[endre | endre wikiteksten]

Kampen om makta i den store Venstre-koalisjonen enda med at dei kristenkonservative, leia av Jakob Sverdrup og Baard Haugland, danna eit nytt parti. Sverdrup vart formann i det nye partiet Moderate Venstre, som hadde fråhaldssak, religion og moral som viktige saker og stod nærare Høgre enn det reine Venstre. Moderate Venstre stod særleg sterkt på Sørlandet og på vestlandskysten.

Jakob Sverdrup vart i 1890 sokneprest i Korskirken sokn i Bergen, og i åra 1892-97 var han innvald til Stortinget for Bergen og Moderate Venstre.

Etter oppfordring frå kong Oscar II gjorde Jakob Sverdrup i 1895 to forsøk på å danne regjering, utan å lukkast. Han vart i staden sjef for Kyrkjedepartementet i Francis Hagerups første regjering, 1895-97, før han i 1898 vart utnemnd til biskop i Bergen. Han døydde i Aker i 1899, før han hadde vorte vigd til biskop.

Jakob Sverdrup vart i 1885 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden, og i 1893 forfremja til kommandør av 1. klasse. Han var også kommandør av den svenske Nordstjerneordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Katekismeforklaringer i Norge Norsk lærerakademi
  2. Sogn og Fjordane fylkesleksikon NRK

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]