Jakob Tollefsen Dieseth
| Jakob Tollefsen Dieseth | |||
| Fødd | 16. juli 1816 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 8. juni 1861 (44 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Jakob Tollefsen Dieseth (16. juli 1816–8. juni 1861) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og stortingsmann frå Åmot i Hedmark.
Dieseth var son til ein gardbrukar i Åmot. Sjølv gjekk han Asker seminar og var frå 1838 til 1856 lærar og kyrkjesongar i Stor-Elvdal. Frå 1846 var han også gardbrukar på garden Mykleby i Stor-Elvdal.
1847-59 var Dieseth ordførar i heradsstyret i Stor-Elvdal, medlem av forlikskommisjonen frå 1846 til han døydde. I 1856 vart han frå skogeigarane i Stor-Elvdal tildelt ei sølvkanne for å ha verka til at dei fekk høgre prisar for tømmeret sitt.
Dieseth var stortingsmann for Hedemarkens amt 1854-1858. Både i 1854 og 1857-58 var han medlem av protokollkomiteen. Til 1851-stortinget var han 1. varamann.
Dieseth døydde på garden sin i Stor-Elvdal i 1861.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914